Like mange nynorskbrukarar

Leiar i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, gler seg over at det ser ut til at talet på nynorskbrukarar på Stortinget held seg jamt, sjølv om det er på under 12 prosent.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det Stortinget som no takkar av, brukte 20 av 169 representantar nynorsk. Så få nynorskbrukande stortingsrepresentantar har det ikkje vore sidan 1920-åra, ifølgje Nynorsk kultursentrum, som likevel gler seg over at talet ser ut til å halde seg.

 

– Det er viktig at mange i regjeringa og Stortinget bruker nynorsk, og profilerte nynorskbrukarar vil finnast i alle partigruppene, seier Grepstad i ei pressemelding.

– Me vonar dei vil samarbeide på tvers av partigrenser på ein slik måte at ei ny regjering får støtte for tiltak som gjer det lettare å vere nynorskbrukar.

LES OGSÅ: 97 sider utan nynorsk

Nynorsk-regjering
Regjeringa Stoltenberg II hadde fleire nynorskbrukande statsrådar enn det som har vore vanleg. Det meiner Ottar Grepstad hadde mykje å seie for dei språkpolitiske vedtaka i regjeringa.

Ifølgje Grepstad utvikla Stoltenberg-regjeringa den mest ambisiøse språkpolitikken noka regjering har lagt fram sidan Venstre jamstilte bokmål og nynorsk i 1885.

Eit breitt fleirtal i Stortinget stilte seg bak språkmeldinga «Mål og meining» i 2009.

No vonar nynorskdirektøren at ei ny regjering fører vidare hovudlinjene og viser i praksis kva språkleg toleranse handlar om.

LES OGSÅ: Grillar politikarar om nynorsk

Konfliktfylt språkpolitikk
Til 200-årsdagen for Ivar Aasen i august la Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag fram ei felleserklæring om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret.

– Den sender me no til dei fire partileiarane som skal forhandle om regjering og politisk plattform, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Dei partia som har programfesta den mest positive nynorskpolitikken for åra 2014–2017, kom til saman noko styrkte ut av dette valet.

Norsk Målungdom gav smilefjes til partia sin språkpolitikk kom Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) klart best ut, fulgt av SV og Raudt. MDG er no for fyrste gong inne på Stortinget med eitt mandat, medan Raudt ikkje nådde opp og SV gjekk tilbake.

KrF og Venstre, som kan kome i regjering fekk òg fleire smilefjes for mellom anna å støtte obligatorisk sidemål, ei ordning Høgre og Frp vil gjere slutt på. Eit sterkt sentrum er difor viktig for målfolket.

– Språkpolitikk er ei av konfliktsakene som kløyver det nye stortingsfleirtalet, men Nynorsk kultursentrum ønskjer eit godt samarbeid med alle partia i Stortinget, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?