Lars Vaular får Dialektprisen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Vaular mottok fredag Dialektprisen, som kvart år blir utdelt av Norsk Målungdom.

Leiar i Målungdomen, Janne Nygård, roste prisvinnaren for sjølvsikker og kreativ bruk av bergensdialekt.

– Lars Vaular har vore med på å gjere det kult å bruke bergensdialekt, konstaterte målungdomsleiaren under prisutdelinga.

KOMMENTAR: På tide å slutte å syngje på norsk?

– I mange år har prisvinnaren nytta dialekten sin på eit domene der det ikkje er sjølvsagt å nytte dialekt eller norsk, men Lars Vaular har gjort det til eit av sine særpreg. Når usikre ungdomar høyrer han rappe på klingande bergensdialekt, gjer det godt for den språklege sjølvkjensla, heldt Nygård fram i ei pressemelding.

Takka mor og far
– Eg vil gjerne takke mor og far. Det var dei som lærte meg at eg måtte stole på meg sjølv og vere den eg er, sa prisvinnaren i takketalen.

Lars Vaular er fødd i 1984 og kjem frå Åsane i Bergen. Han er ein rappar og låtskrivar, og har rappa på bergensk sidan 2003. I 2010 kom plata Helt om natten, helt om dagen, som fekk nasjonal merksemd. Som dialektprisvinnar er han i selskap med mellom andre Ravi (2004), Are og Odin (2006), Linda Eide (2008) og Eli Kari Gjengedal (2009).

Sjå musikkvideoen “En eneste” av Lars Vaular her: