Låg sysselsetting blant unge menn bekymrar
Fryktar «Trump-tilstandar» i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar «Trump-tilstandar» i Noreg
Regjeringa og LO er bekymra for den fallande sysselsettinga blant unge og fryktar at det skal føre til frustrasjon og sinne.
LO-leiar Gerd Kristiansen og arbeidsminister Anniken Hauglie (H) fryktar «Trump-tilstandar», ifølgje Klassekampen.
– I USA ser vi sinte kvite menn som vel ytterleggåande politikk. Å sørgje for at sysselsettingsdelen er høg i denne gruppa, er viktig. Noreg er i ein heilt annan situasjon enn USA, men ein skal ikkje undervurdere strøymingane som oppstår når arbeidsløysa stig, seier Hauglie.
Då ho talte til LO Stats kartellkonferanse peika ho på at auka arbeidsløyse blant unge menn andre stader i Europa hadde ført til auka fare for aggresjon og demonstrasjonar.
– Eg trur ikkje vi kjem dit i Noreg, men ein skal vere var for signala. Nettopp derfor er det så viktig å legge til rette for nye jobbar og sørgje for at fleire fullfører vidaregåande, seier statsråden.
Også Gerd Kristiansen ser med bekymring på utviklinga i USA og Europa.
– Det er ei sint arbeidarklasse som har protestert. Det er viktig at vi rettar ein åtvarande peikefinger til dei politiske partia, seier LO-leiaren til Klassekampen. Ho fastslår at det er «våre folk som har stemt fram Trump. Heilt vanlege reinhaldarar, jernbanearbeidarar, posttilsette, industritilsette. Frustrerte arbeidsfolk».