Kuttar støtta til Dei Nynorske Festspela

– Kutta vil få store konsekvensar for festivalen, seier arrangørane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Volda kommune, som er ein av to vertskommunar for Dei Nynorske Festspela, seg seg nøydde til å kutte støtta til festivalen, melder NPK. Festspela misser dermed den årlege løyvinga dei har hatt over budsjettet i kommunen. Årsaka er trong økonomi.

Gaute Øvereng, dagleg leiar i Aasentunet som arrangerer Dei Nynorske Festspela, seier til avisa Møre at dei er svært overraska over kuttet.

– Om Dei Nynorske Festspela skulle miste støtta frå den eine av vertskommunane, vil det få store konsekvensar for festivalen, seier Øvereng.

LES OGSÅ: Nynorsken er redninga for den norske kulturen

Gunnar Andenes, kultur- og næringssjef i Volda kommune seier seg lei for at kommunen i år ikkje kan vidareføre den årlege løyvinga, men opplyser at Dei Nynorske Festspela har vore den einaste av dei mange festivalane i Volda som har hatt fast stønad over budsjettet til kommunen.

Han oppmodar festspela om å søkje støtte til arrangementet i år frå næringsfondet, på lik line med dei andre festivalane i kommunen. Kultur- og næringssjefen føyer til at kommunen ønskjer ein dialog med festspela om ulike måtar dei kan vere med å bidra til å utvikle festivalen.

Den faste festivalstøtta som no blir kutta, har vore på 55.000 kr. Ørsta kommune er den andre av dei to vertskommunane.

LES OGSÅ: Filosof er årets nynorskbrukar