Kompromiss(laus)

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han har sagt tydelig frå om at han står opp for retten til ytringsfridom som er ein berebjelke i vårt samfunn og noko vi skal hegne om og vesentlig i alle forhold enten det er i møte mellom menneske eller i politikken eller i media men at ein bør sjå ytringsfridommen som ein heilskap og ikkje begynne diskusjonen om forsvaret av han i ytterkantanane og at blasfemi eller gudsspotting er noko som kan krenke og såre menneske og at ytringsfridommen skal vi hegne om men han skal ikkje forvarast ved at poenget med ei ytring nærmast er å spotte eller krenke men Norge har fjerna blasfemiparagrafen så blasfemiske ytringar er lovlige og det er også individuelt kva menneske opplever som krenkande og spottande og i lys av det kan det vere på sin plass å sjå ytringsfridommen som ein heilskap og derfor er det naturlig – og dette er det også brei semje om – å forsvare retten til å stå opp for den retten ein har i eit samfunn med eit lovverk som ein naturligvis respekterer og forsvarar utan at det treng å vere ei motsetning der.

Stort klarare enn det kan det vel ikkje seiast. I alle fall ikkje utan å bli direkte plump.

Så det er ingen grunn til å kritisere han. Men det har likevel fleire politikarar gjort. Og fleire av oss som skriv i avisene har gjort det. Det er fordi vi er skikkelig tøffe. Og uredde. Vi er ikkje redde for å kritisere nokon. Ikkje eingong Jonas Gahr Støre, sjølv om alle meiningsmålingar viser at han er den mest populære norske politikaren sidan meiningsmålingar blei funne opp, og at veljarane ser på han som såpass ufeilbarlig at det nesten er noko religiøst over det, og dermed også noko nesten blasfemisk over å kritisere han.

Men vi som skriv i avisa lar oss ikkje stoppe av det. Vi er nemlig veldig for blasfemi og ytringsfridom, og har heile tida hatt ei heilt kompromisslaus haldning i desse spørsmåla, nemlig at vi er veldig for ytringsfridom og blasfemi når det er vanlig og tøft å vere det, som no. Sist gong, då det ikkje var vanlig og det dessutan fanst ein kristen redaktør med dum frisyre som kunne ta støyten, dåsatt vi stille og heldt kjeft og håpa det skulle gå over snart.

Stort meir uredd og kompromisslaus enn det går det vel ikkje an å bli. I alle fall ikkje utan å bli direkte plump.

Og derfor vågar vi også å kritisere sjølvaste Jonas Gahr Støre, sjølv om vi eigentlig er litt redde for han. For slik er vi berre. Det er i ryggmargen vår.

Og viss du som les dette, synest at eg er litt uklar no, at du ikkje er heilt sikker på kven det eigentlig er eg latterliggjer, så har eg berre ein ting å seie: Dette er satire. Satire er det einaste ingen vågar å kritisere akkurat no. Akkurat no er vi alle ekstremt og kompromisslaust for satire. Og blasfemi og ytringsfridom. Det går sjølvsagt snart over, og vi går tilbake til å skrive sure og pirkete kommentarar om statsrådar som ikkje informerer Stortinget, eller litt artige kommentarar om at den einaste distriktspolitikken denne regjeringa får til, er å sende mulla Krekar til utkant-Norge, så vi i det minste får desentralisert terrorfaren litt.

Men enn så lenge har eg tenkt å utnytte at eg er uangripelig. Det er det beste eg har. Alternativet er å vere kompromisslaus.

Og det er ikkje så lett som folk vil ha det til. I alle fall ikkje utan å bli direkte plump.


Først publisert i Aftenposten 17. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!