Kommunar vil redde pelsen

Til saman 21 kommunar har sendt inn høyringsuttalar til Landbruks- og matdepartementet for å redde pelsdyrnæringa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunane er ikkje oppført som høyringsinstansar, men har på eige initiativ sendt inn uttalane der dei uttrykkjer misnøye med faginstansane som ønskjer ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa, skriv Nationen.

LES OGSÅ: – Eit forbod vil vere dramatisk 

350 årsverk
– Framtida til bransjen er ei viktig sak for mange distriktskommunar. Pelsdyrfarmane sørgjer for arbeidsplassar og genererer viktige inntekter. For distrikta er all næring viktig, og ei eventuell avvikling vil opplevast som eit stort tap, seier ordførar Norvald Illevold (Ap) i Rendalen kommune i Hedmark.

Det er om lag 270 pelsdyrbruk i Noreg. Ved årsskiftet 2014 var det 173.000 minktisper på 125 gardar og 48.000 revetisper på 178 gardar. Omkring 350 årsverk er knytt til næringa. I tillegg kjem rundt 100 årsverk knytt til støttefunksjonar.

LES OGSÅ: Stort fleirtal for pelsdyrnæring 

Millionindustri
Nettoverdien av norsk pelsproduksjon var på 486 millionar kroner i 2013. Overskotet var på 231 millionar kroner. Næringa får om lag 40 millionar kroner i årleg tilskot frå staten. (©NPK)