Kan klage på barnevernet på Facebook

Barn og unge i Stavanger skal få seie kva dei meiner om barnevernet gjennom lukka grupper på Facebook.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan klage via Facebook

Stavanger er første by der dei unge kan klage til barnevernet sitt via Facebook, telefon, samlingar eller direkte kontakt, og ikkje gjennom Fylkesmannen, fortel NRK.no.

LES OGSÅ: Åtte av ti barnefamiliar nøgd med barnevernet

– Ungdommane kan enten seie meininga si i samlingar vi har, anonymt eller framfor alle. I tillegg finst det lukka Facebook-grupper og dei kan snakke med ein av oss som jobbar her, fortel prosjektmedarbeidar i barne- og ungdomskontaktprosjektet Randi Torstensen til NRK.no.

Prosjektet er del av eit nasjonalt utviklingssamarbeid som stiftinga Forandringsfabrikken driv. Førebels er nokre få ungdommar med , men rundt 100 personar skal kontaktast i tida som kjem. Prosjektet i Stavanger skal vare i tre år, og har fått ein stillingsheimel og midlar frå fylkesmannen.

LES OGSÅ: Asylbarn tøyar kapasiteten til barnevernet