Jublar for nynorsk mobilbank

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sparebank 1 har skaffa seg eit språkleg konkurransefortrinn, meiner leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård.

Ved å tilby tenestene sine på det språket brukaren vil ha, meiner ho banken skil seg klårt frå andre storbankar.

– Det viser at dei tek kundane på alvor, meiner Nygård, som trur kunande set pris på at Sparebank 1 tek ansvar for det norske språkmangfaldet.

Den unge målungdomsleiaren, som sjølv er ein hyppig mobilbankbrukar, meiner den teknologiske utviklinga gjer det enklare for nynorskbrukarar å sjå språket sitt i kvardagen. Ho meiner ballen no ligg hjå dei andre storbankane, som i hovudsak tilbyr tenestene sine på bokmål.

– No er det opp til dei andre bankane å passa på at dei ikkje blir hengjande etter, seier Nygård. (©NPK)