Ivar Aasen toppa på Twitter

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vebjørn Sture hadde pynta seg med dress i anledning Ivar Aasen sin 200-årsdag. Leiaren i Målungdommen var langt frå den einaste som gav Aasen merksemd på den store dagen. #ivaraasen var den mest nytta merkelappen, eller hashtagen, bland norske twitrarar i går, 5. august.

LES OGSÅ: – Kjem aldri til å ha berre eit språk

Tre på topp ti
På nettsida hashtags.no kan ein til ei kvar tid sjå kva som er dei mest populære merkelappane på det sosiale mediet Twitter i Noreg. I går var det 166 twitrarar som nytta sine 140 teikn til å hylle og gratulere Ivar Aasen på Twitter, under merkelappen #ivaraasen.

Ivar Aasen var meir populær enn Premier League, FotballXtra på TV2 og stortingsvalet 2013.

#Nynorsk enda på ein tredjeplass samla sett i går. På eit tidspunkt var heile tre nynorsk- og Aasen-relaterte merkelappar er å finne på topp ti lista på Twitter. Dette er ikkje kvardagskost for leiaren av Norsk Målungdom.

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Heisa flagget
Tidlegare programleiar Per Ståle Lønning frå nynorskbyen Stord skriv på Twitter at flagget er heist i respekt og takksemd for Aasen.

Arill Rise, nyheitsanker i TV2, kjem frå Aasens heimbygd Ørsta og skriv følgjande: «På 200 års dagen til Ivar Aasen skal du vite at heilkommersielle #TV2 har flest ankerar som nyttar nynorsk på tv-nyheitene».

LES OGSÅ: #Valkamp på sosiale medium

Tynnhåra bursdagsbarn
Ein Twitter-brukar feirar dagen med blåbærpai, leiaren i Målungdommen, Vebjørn Sture, skulle på si side skal feire ut i dei seine nattetimar med kake og Mozell.

Sjefen sjølv har sjølvsagt eigen Twitter-konto med brukarnamnet @AasenIvar. I går var han travelt oppteke med å takke for gratulasjonar og kunne meddele på Twitter: «Dess fleire år, dess tynnare hår».

LES OGSÅ: Christian Fredrik er på Twitter