Internasjonale klimapilotar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved ein fingertupp av ein fjordarm i Sogn og Fjordane ligg ein skule som tenkjer miljø og klima i alle ledd. Det må dei, om dei skal halde på sertifiseringa som Miljøfyrtårn.

No skal United World College Red Cross Nordic (UWC) på Haugland i Fjaler lære andre skular om berekraft. Her har dei nemleg ei unik samling med augevitner til klimaendringane.

LES OGSÅ: Møllesus eller oljerus?

Ny satsing på klima
Miljødirektoratet har bladd opp 60 000 kroner til prosjektet «Skulens klimarapport», der fylkeskommunen Sogn og Fjordane, UWC, Norsk bremuseum og 4H skal lage eit undervisningsopplegg som gjer elevane meir medvitne på kva global oppvarming tyder lokalt.

Både elevar og lærarar skal lære om klimatilpassing, berekraftig utvikling og omstilling i samfunnet.

På UWC i Flekke er ikkje desse spørsmåla nye. Her er klima- og miljøperspektivet integrert både fagleg, i drifta og i fritida til elevane. Miljø ein av grunnpillarane for skulen, som til og med har sin eigen berekraftssjef.

Ho heiter Judit Dudás, og har både utdanning innan og erfaring frå arbeid med miljø- og klimaspørsmål. Ho seier fokuset gjennomsyrer både undervisninga, fritida og drifta av skulen.

uwc1

– Vi utdannar framtidas leiarar, seier berekraftssjef ved UWC Red Cross Nordic, Judit Dudás. Foto: Spira Svendsen

Fagleg og utanomfagleg fokus
– På UWC har vi spesifikke fag som dekkjer miljø- og klimaspørsmål. I tillegg er slike spørsmål integrert i kvart einaste fag, anten det er språk, kunst, teater eller realfag. I matte gir vi til dømes utrekningsoppgåver knytt til miljø, fortel ho.

Elevane ved skulen engasjerer seg i utanomfaglege aktivitetar på ettermiddagstid, og ein del av desse gir elevane moglegheit til å engasjere seg i miljø- eller klimaspørsmål.

Organisk birøkting og drifting av ein urtehage er blant tilboda. Nokre elevar samlar og resirkulerer søppel eller jobbar med energieffektivisering på skulen.

Ei gruppe samlar klede og andre ting som tidlegare elevar har lagt att, og lagar bruktbutikk for nykommarane. Andre jobbar med miljø- og klimaspørsmål gjennom organisasjonar som LEAF.

I tillegg tek utandørsaktivitetane på skulen sikte på å syne naturressursane rundt skulen, inkludert fuglar, trer og blomar.

– Vi fokuserer både på globale og lokale spørsmål, og både på klima og miljø. Vi har god kontakt med lokale miljøorganisasjonar, slik som Natur og Ungdom, og tek opp spørsmål som fjorddeponiet i Førdefjorden.

LES OGSÅ: – Noreg heng etter i grøn omstilling

Kortreist mat i kantina
Elevane studerer, bur og lever på skulen, og også i den daglege drifta strekker dei seg mot å vere berekraftige. Mellom anna brukar dei om att så mykje som mogleg, resirkulerer søppel, lagar energikonkurransar mellom husa, og gir elevane informasjon slik at dei kan leve så berekraftig som mogleg.

Elevane vitjar også øko-initiativ i nærleiken, som Løland gard og Eide i Hyllestad.

Ikkje minst har miljø- og klimaomsyn snike seg inn i kantina på skulen.

– Vi vil ikkje berre ha eit sunnare kjøkken, men eit meir berekraftig eit. No har vi ein kokk som er utdanna innan biomat, og vi samarbeider tett med den økologiske skulen Sogn jord- og hagebruksskule. Vi gjer vårt beste for å bruke lokalprodusert mat, og vi har vegetariske alternativ for elevane, fortel Dudás.

Kring 15 prosent av maten ved skulen er organisk, og langt meir er lokalt.

– Det er vi stolte av. For oss er det viktigare med lokal mat enn organisk mat langvegsfrå, fordi førstnemnte har størst klimaeffekt, utdjupar ho.

Éin ting er vanskeleg for skulen å gjere noko med: det økologiske fotavtrykket etter elevane som flyg inn frå heile verda.

– Som ein internasjonal skule kan vi ikkje nekte for at karbonfotavtrykket vårt er stort. Difor legg vi desto større vekt på matspørsmål, som er det nest største spørsmålet etter transportutfordringane. Vi har også sett i gong eit samarbeid med alle andre UWC-skular, for å redusere vårt felles økologiske fotavtrykk, fortel ho.

uwc3

På UWC Red Cross Nordic lærer elevane om miljø- og klimaspørsmål både i utdanninga og på fritida. Foto: Spira Svendsen.

Utdannar framtidas leiarar
Som deltakar i Den naturlege skulesekken, Fylkeskommunen si satsing, planlegg UWC å utvikle eit augevitneprogram. Der spelar elevane sjølv ei sentral rolle.

– Gjennom dei internasjonale studentane vil vi syne dei lokale elevane effektane av klimaendringane. Vi testa det ut under ein konferanse i Bergen, der fire av våre studentar, frå Afrika, Asia, Europa og Amerika, forklara korleis klimaendringane påverka heimstadane deira til kring 300 vidaregåande elevar.

Under presentasjonen var det få spørsmål, men i den lange lønsjpausen kasta elevane seg over dei internasjonale augevitna, fortel ho. No vil skulen ta med seg erfaringane, og utvikle eit program som er meir som ein samtale enn ein presentasjon. Å undervise i klima- og miljøspørsmål er ikkje rett-fram.

– Den største utfordringa er å få studentane til å innsjå at klimaendringane er den største trugselen mot tryggleiken i verda for augeblinken. I kvardagsliva våre kan vi ikkje heilt fatte alvoret, og vi jobbar for å få elevane til å tenkje på dette i kvart aspekt av livet, meiner Dudás, og legg til:

– Vi utdannar framtidas leiarar, og då er det avgjerande at dei forstår klimautfordringa, og tek omsyn til denne når dei tek val, seier ho.

Inn i alle skular
Når elevane kjem til skulen er det svært ulikt kor mykje kunnskap dei har om klimaspørsmål frå før.

– Nokre har aldri høyrt om klimaendringane eller å resirkulere søppel. Det er interessant – ein kan leve med effektane av klimaendringar utan at ein tenkjer over det, som tørke i Afrika eller flom i Asia. Når vi opnar desse dørene, vert elevane medvitne og engasjerte.

Berekraftssjefen seier skulen på Haugland svært gjerne vil dele sine erfaringar med andre, anten det er elevar, lærarar, politikarar eller foreldre.

– Vi har ei mengd kunnskap frå heile verda – det er ein kjemperessurs.

LES OGSÅ: Berekraftmisjonæren