Ikkje kvit, cis eller mann?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak det nye skeive kulturtidsskriftet MELK står to redaktørar som driv med kronerulling for å rekkje lansering i starten av juni.

Redaktørane Martine Johansen og Anna Nafstad vil gjere skeiv kultur synleg.

Med skeive briller på
På Facebook-sida til magasinet MELK frir redaktørane for tida til lesarane sine. Nobels Fredssenter, Ibsenmuseet, DJ-arar,  musikarar, yogasenter, dansarar og komikarar er blant dei som sluttar opp rundt det rykande ferske tidsskriftet. Dei tilbyr billettar, dansetimar og mykje anna til framtidige lesarar som vil vere med å crowdfunde dei to første utgåvene.

LES OGSÅLeiter etter kvinner i historias papiravfall

Johansen og Naftstad er leie av at skeiv kultur er usynleg.

 I Noreg har vi ti reindyrka litteraturtidsskrift. Ikkje eit skeivt kulturtidsskrift! Det er som å seie at skeiv kultur ikkje finst, eller ikkje er interessant i samanheng med annan kultur, skriv Johansen i ein epost til Framtida.no.

Både Johansen og Nafstad er sjølv aktive på ulike kulturfrontar. I fjor debuterte slampoeten Johansen som forfattar med boka Hvite jenter kan ikke synge blues. Nafstad er kunsthistorikar, i tillegg til å skrive for Pridebloggen.

 Skeiv kultur er meir enn Melodi Grand-Prix. Og fortener ein plass i debatten, seier Johansen.

Kvifor mjølk?
Spørsmålet er kvifor vi treng MELK.  Ifølgje Johansen vil ikkje berre meir fokus på skeiv kultur forbetre og nyansere debatten. Analysar av heteroseksuell kultur med skeive briller kan dessutan vere nyttige.

Ho fortel at magasinet vil ta føre seg kulturpolitiske tema som ikkje vert dekte i underhaldnings-, livsstil og nyheitsstoff. MELK skal gå djupare, vere tyngre, og ha fleire kunstnariske prosjekt.

– Vi vil promotere skeive forfattar, poetar, kunstnarar, dansarar og kreative utøvarar av alle sortar. Vi vil opne for ein debatt der minoritetar innanfor LHBTIQ* får meir plass og gir meir rom til queer-feministisk, anti-rasistisk og inkluderande homokamp, skildrar Johansen.

  Sleppfestane våre vil vere kultureventar som syner ulike sider av skeiv kultur. Vi vil vekkje og støtte det skeive engasjementet, i tillegg til å vere ei kvalitetsblekke som kan fengje kulturinteresserte som tilfeldigvis er heterofile, men likar subkultur og aktivisme, slår ho fast.

*LHBTIQ: Lesbiske, homofile, bifile, trans, intersex og queer.

For mange er det uproblematisk å vere skeiv
MELK verkar rett og slett å ha laga seg sitt eige samfunnsoppdrag.

Det botnar mellom anna i at skeive historier ofte handlar om folk som kjem ut av eit skap av eit slag. Einsemje, motbør og kampar for å vere seg sjølv er hyppige ingrediensar.

LES OGSÅ: – Eg vil berre vera ei vanleg dame

Det er viktige historier – men der finst også mange uproblematiske skeive liv, peikar Johansen på.

 Unge som kjem ut treng å vite at mange har gjort det før dei. Det er mange som har vore skeive utan å lide noko naud. For å få det fram må ein snakke om noko anna enn komme-ut-problematikken. Kva skjer etterpå? Kva kan eit skeivt liv vere? spør Johansen.

Til og med USA har kome lenger på TV- og filmfronten, meiner Johansen.

 Kan du tru det? Juridisk heng USA etter, men på kultur er dei flinkare til å inkludere skeive. Det burde vi skamme oss over her i Noreg!

Ho vil snakke om skeiv kultur på ein måte som styrkjer skeiv identitet og fellesskapskjensle.

 Det må gå an å snakke om individualisme, utan at det handlar om vanskar eller behov for å passe inn i heteromalen. Det kan forståeleg nok vere nyttig for heterofile også, meiner ho.

Råmjølk for skeivheit
Namnet vart MELK av mange ulike grunnar. Éin av dei er at mjølk er den første næringa vår, uansett kvar vi kjem frå. Skeive er blant dei få gruppene som ikkje vert fødd inn i si eiga gruppe og dermed ikkje får skeiv historie inn med morsmjølka.

MELK vil vere råmjølk for dei som ønskjer kunnskap om skeiv kultur, forklarar Johansen.

 Skeive må oppsøke kulturen. Vi må lese oss opp på skeiv historie. Foreldra våre er gjerne hetero og veit ikkje, fordi dei ikkje har fått skeiv historie presentert. På skulebenken lærer vi bittelitt om samar, litt om jødar, ulike religionar og så vidare. Men ikkje skeiv historie, seier Johansen.

Ho peikar på at det statistisk sett sit éin skeiv unge i kvar klasse. Men er det så farleg om ein ikkje lærer om skeiv historie?

 Faren er manglande identitetsdanning, eller at ein blir assimilert inn i ein normativ kultur. Fleire folk i skapet. Fleire som kjenner seg pressa til å leve så tett opp til samfunnsnorma som mogleg.

Det skapar usynlege menneske, meiner Johansen.

Synlegheit
Difor har første utgåve av MELK synlegheit som tema.

Redaktørane meiner vi ser mykje av kvite heterofile cis-menn i Noreg i dag. Cis tyder at ein identifiserer seg med kjønnet ein er fødd med.

Også i skeiv kultur dominerer dei kvite cis-mennene, meiner Johansen. Ho peikar på filmen om Stonewall-opprøra i LHBT-miljøet i New York i 1969. Hovudpersonane er kvite cis-menn – i ein film om ein kamp som vart leia særleg av svarte trans-kvinner.

Også skjønnlitteraturen i Noreg manglar skeive karakterar, som ikkje er homofile menn, meiner redaktøren.

 I MELK skriv vi til dømes om skeive samar, eit fenomen som nesten ikkje er dekkja korkje i akademia eller elles. Dei som er skeive og samstundes ikkje kvite, ikkje cis eller menn er dobbelt og trippelt marginalisert. Kvar skal dei sjå seg sjølv? Vi vil vere staden der dette er lett. Du er her. Du skal finne deg sjølv her og ikkje som ein fotnote, seier Johansen.

 Og om du ikkje finn deg sjølv her, så vil vi at du skal ta kontakt med oss!

LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom

Faktaboks

Fakta:

MELK er eit nytt tidsskrift om skeiv kultur.

Redaktør Anna Nafstad er kunsthistorikar, som har jobba som formidlar ved Ibsenmuseet og Ekebergparken. Ho er fast tekstforfattar for Pridebloggen, Oslo Prides blogg om skeiv tematikk.

Redaktør Martine Johansen er forfattar og journalist, jobbar med Oslo Poesisentrum og Slam!kollektivet.