Ikkje gi meg lærarar som ikkje kan læra

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Universitas!

Lærarutdanninga i Noreg skal endrast. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og den borgarlege regjeringa jobbar inn store omveltingar for å løysa to store problem i den norske skulen i dag: Me nærmar oss eit kraftig underskot av lærarar, og me vil at dei lærarane som blir utdanna skal vera betre.

Dei store endringane har blitt foreslått og innført gradvis. Auka faglege krav har vært eit gjennomgåande tema. 1. april gjekk høyringsfristen ut på forskriftene om ny rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning. Ei sentral endring i forslaget er at faget «Pedagogikk og elevkunnskap» blir erstatta med eit profesjonsfag, som skal ta føre seg pedagogikken og religion og livsyn tilsvarande 15 studiepoeng, av totalt 60 studiepoeng fordelt på fem år.

Denne endringa har fått mykje motstand, og med god grunn. Fagleg sterke lærarar er ein god ting, men det kan ikkje gå utover at dei faktisk er lærarar. Då Klassekampen tok tak i saka midt i mars fann dei ei lang rekke med stemmer som reagerte negativt på forslaget, mellom anna Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Han kallar pedagogikken kjernefaget i ei lærarutdanning, og meiner forslaget er «på grensa til uforsvarleg».

Det er i det heile vanskeleg å sjå dei verkeleg gode argumenta for å gjennomføra dei endringane i lærarutdanninga som regjeringa ønskjer seg. Eit mål er å gi lærarutdanninga meir fagleg tyngde og høgare status – mellom anna inspirert av lærarutdanninga i Finland, som av mange er rekna som den beste i Europa. Og det er sant – dei faglege krava til lærarane er mykje høgare i Finland enn dei er i Noreg i dag, og utdanninga varar i fem år. Men der utgjer også pedagogikk nær halvparten av utdanningsløpet.

LES OGSÅ: For dårleg nynorskopplæring for lærarar

Finske lærarar fokuserer meir på pedagogikk, og styrer meir av arbeidstida si sjølv enn dei fleste andre lærarar. Dette trekk Lena Krokfors, professor i læring ved Universitetet i Helsinki, fram i eit intervju med The Guardian frå juni i fjor. Krokfors fortel at det viktigaste dei finske lærarstudentane lærer er å ta pedagogiske avgjersler og vurderingar på eigenhand. Ho trekk ikkje fram at fagleg tyngde skal gå ut over den pedagogiske kvaliteten.

Læraren du hugsar best frå grunnskulen, læraren som faktisk ga deg utbytte av timane, er ikkje læraren som var fagleg sterkast. Det er læraren som kunne formidla faget sitt på ein god måte, og som kunne spela på lag med deg som elev. Dette kan ikkje vera ein vanskeleg konklusjon å komma fram til, heller ikkje for Kunnskapsdepartementet. Høyringsfristen er ute, og endringane i lærarutdanninga skal etter planen tre i kraft frå og med hausten 2017. Innan den tid bør nokon innsjå at ei lærarutdanning ikkje blir betre av å nedprioritera faget som er laga eksklusivt for å gjera studentane betre til å læra frå seg.

LES OGSÅ: Skeptisk til endringane i lærarutdanninga