≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Telemark

Høgt heng han

Men er likevel over snittet positiv.

Randi Berdal Hagen/VTB
laurdag 16. juni 2012 12.10

Høgt heng han Innovativ arkitekt. Hengehytta til Håkon Telnes Fjågesund, som er kreativ snikkar, arkitekt og ingeniørkunstnar. Men bygginga er best som hobby, og det er arkeolog 21-åringen vil bli.

– Eg likar å gjera ting folk ikkje seier er mogleg. Bera eit piano opp på eit fjell. Hengje opp ei hytte i eit tre. Slike ting, liksom.

Smilet under sixpencebremmen er breitt. Møt Håkon Telnes Fjågesund (21) frå Seljord. Hobbyar: Bygge store ting, gjerne plassar han kan sove/overvintre. Finne på ting andre seier ikkje let seg gjera. Gjennomføre desse påfunna. Vera hobbyingeniør og deltidssnikkar.

Pianoet på fjellet kan me koma tilbake til. Dette med overvintringa ute òg.

Fyrst skal Håkon få presentere resultatet av det siste påfunnet sitt: Med panoramautsikt mot Seljordsvatn og Skorve heng ei diamantforma lita hytte høgt oppe mellom trea. Og ja, ho heng på ordentleg. Eit intrikat vaiersystem, konstruert etter innfallsmetoden, er det einaste som held hytta oppe.

– Me har vore fire oppi her, men eg trur ikkje eg tek sjansen på at me skal vera fleire, flirer Håkon. 

Bålfyring i lufta

Me har kava oss opp den lange stigen, og suget i magen er merkbart der me dinglar mange meter oppe i lufta. Nøyaktig kor mange seier ikkje Håkon noko om i løpet av intervjuet. Ei oppklarande sms-utveksling må til i ettertid:

– Hei! Kor høgt heng den hytta di?                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                     – Lågaste punkt er fem meter over bakken.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    – Ikkje meir? Føltes som hundre …                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                   – Nei, det er ikkje så svimlande på papiret. Men det blir sikkert ein 8–9 meter over vatnet.

Men i røynda kan det altså vera svimlande nok. Særleg når ein lear på seg, for då gjer hytta det same. Ramma til hytta bygde Håkon på låven, før han og nokre kompisar bar ho bort i skogen for å henge ho opp og halde fram snekringa i lufta.

– Eg har mista redsla for høgder no, kan du seie, smiler Håkon, medan han reiser seg for å vippe opp hyttetaket. Takpatenten er ikkje heilt ferdig enno, men han skal få til ei løysing slik at taket kan stå oppe.

– Då kan eg fyre bål her inne. Eg skal lage eit bord der eg feller ned ei bålpanne, seier han i ein lett tone. At hytta er laga av tre og heng høgt over bakken, er altså ikkje noko hinder for å varme ho opp med open eld.

«Uteliggar»

Håkon er ikkje ein person som oppheld seg mykje innandørs. Heller ikkje om natta. På vidaregåande bestemte han seg for å teste kor lenge han ville klare å sove ute. Etter over eitt år der han sov i telt i hagen, på madrass på verandaen heime og, rett som det var, under ein fjellduk på Lifjell vinterstid, fann han ut at han hadde bevist nok. Både for seg sjølv og andre.

Men, då han starta studiane i haust, fortsette han likevel med det i ei anna form. «Ein stad på Austlandet», som er det næraste han vil stadfeste det til, budde han i bilen i to månader medan han skaffa seg ein stad å bu. Og nei, tida gjekk ikkje med til å leite etter hybel. Du har kanskje gjetta det alt: Dei to månadene gjekk med til å bygge seg ei hytte. I skogen, mellom vegen og jernbanelinja.

– Det hender sjølvsagt at ein angrar når ein står der og bygger midt på natta, fordi ingen skal høyre kva du held på med. Og å vakne i 15 minusgrader på morgonen … Men ein kjem alltids gjennom, seier Håkon. Og smiler det karakteristiske smilet. 

Og så var det pianoet

Kvar kjem så denne trongen og interessa frå? Det er ikkje berre det å bevise for seg sjølv og andre at han klarar det, som ligg bak.

– Eg meiner det å bygge eit hus er noko folk bør kunne. Det å klare å hyse seg sjølv er grunnleggjande, meiner han.

Med alle hyttene Håkon har bygd her og der sidan han var berre gutungen, kunne han husa mange fleire enn seg sjølv. Den fyrste hytta han bygde som 10-åring står framleis i skogbrynet ved heimgarden Firingan på Garvikstrondi.

– Det var jo livsfarleg, gliser Håkon, utan å utdjupe. Om det tidlegare nemnde pianoet utdjupar han heller ikkje så mykje. Anna enn at ein eller annan stad, høgt oppå eit eller anna fjell, står ei hytte med eit piano i.

– Ein kvar møblert heim må ha eit piano. Så eg og nokre kompisar bar det opp på fjellet. Me var seks stykk som tok pianoet på ei båre, fortel han.                                                                                                                                                                                                                                                            – Har du noko anna enn eit piano der? 

– Ja, sjølvsagt. Det er fullt møblert, og eg har fleire instrument der, òg. Men pianoet er hovudmøbelet, smiler han. Så får kompisane heller samlast rundt munnspelet i den vesle hengehytta ved Seljordsvatnet.

Les saka i Vest-Telemark blad!


Oppdatert: laurdag 16. juni 2012 19.36
Kommentarar 0



 
ANNONSE: