≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, sidemål

Høgre-politikar melder seg ut i protest mot sidemålsvedtak

Runar Bjørkvik Mæland
torsdag 23. mars 2017 12.24

Høgre-politikar melder seg ut i protest mot sidemålsvedtak Torbjørn Røe Isaksen fekk landsmøtet med på å skrota eigen karakter i sidemål. Foto: Foto: Sondre Steen Holvik NTB Scanpix Produksjon/KS/CC BY 2.0-lisens

Landsmøtet i Høgre gjekk nyleg inn for å skrota sidemålskarakteren. Det kunne ikkje lokalpolitikar Hjalti Heimir Gislason leva med.

Gislason er medlem av heradsstyret i Osterøy og tidlegare leiar i Osterøy Høgre, men har no meldt seg ut av partiet i protest, melder Bygdanytt.

– Slik eg opplever det er nynorsk ein sterk del av kulturen på Vestlandet. Å gå til angrep på det skjønar eg ikkje, det er intoleranse overfor minoritetar, seier han til lokalavisa, og omtalar vedtaket som ein «rein provokasjon».

LES OGSÅ:Høgre seier framleis nei til sidemålskarakter

Islendingen har budd i Noreg i 17 år, og har vore medlem i Noregs Mållag like lenge.

– Det var best å velje eit mål som låg nært opp til dialektane på Vestlandet og det kjendest heilt naturleg å velje nynorsk. Eg synest nynorsk er flott og elegant. Det minner meg om islandsk, seier Gislason, som vil halda fram i heradstyret som partiuavhengig medlem.

Det var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sitt forsvar av sidemålsvedtaket etter landsmøtet som fekk begeret til å renna over for Gislason, skriv Bygdanytt.

– Dette går på min integritet, og eg kan ikkje vere i eit parti som hatar nynorsk på den måten, seier han.

LES OGSÅ:– Målet om at alle skal lære både nynorsk og bokmål er ein utopi, seier Røe Isaksen


Oppdatert: torsdag 23. mars 2017 15.28
Kommentarar



 
ANNONSE: