Hit eit steg og dit eit steg

Det er litt uklart kva Audun Lysbakken bør gjere no.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Dei siste dagane har folk av alle slag råda han til å: La seg velje til partileiar, trekke seg, gå av, bli sittande, snakke ut, halde kjeft, rydde på kontoret, legge seg flatare, stå imot, legge fram alt, legge fram endå meir, ta kritikken på alvor, ikkje bry seg om kritikken, slå tilbake, skulde på statssekretæren, ikkje skulde på statssekretæren, høyre etter når vaksne folk snakkar til han.

Mellom anna. Mykje anna.

Nokon har også vore konstruktive, og tenkt på kva som kan gjerast for å unngå slikt i framtida. For eksempel Kristin Clemet, som har ønska seg ein statsrådskule for ferske ministrar.

Vi liker konstruktive forslag, og følgjer opp med ein foreslått timeplan for statsrådskulen:

Journalføring.

Meir journalføring.

Gym. Vi øver oss på å legge oss flate. Ikkje ver redd for å kaste deg uti det! Vi har tjukkasmatte. Ta med treningstøy.

Dusjing. Ikkje for lenge!

Journalføring / Arkivering. Vi bygger vidare på det vi har lært.

Journalføring / Arkivering for vidarekomne. No også med arkivering av e-postar.

Gym. Fleire flatleggingsøvingar. Denne gongen utan tjukkasmatte. Ta med treningstøy. Ta også med kvitteringa for kjøpet av treningstøyet.

Dusjing. Ikkje for lenge!

Journalføring / Arkivering. Praktisk øving. Vi arkiverer kvitteringa for kjøpet av treningstøyet.

Matte. Vi øver oss på å ikkje gi noko til oss sjølve eller til folk vi kjenner eller liker.

Rettslære. Vi øver oss på å halde reglar.

Norsk. Vi lærer oss dei fire uttrykka det er nødvendig å kunne for å forstå det journalistar skriv: «alvorlig», «kritikkverdig», «håndtert dårlig» og «drevet fra skanse til skanse».

Medier og kommunikasjon. Vi øver oss på å halde oss alvorlige når journalistar bruker uttrykka «alvorlig», «kritikkverdig», «handtert dårlig» og «drevet fra skanse til skanse» heile tida.

Medier og kommunikasjon. Å avleie merksemda med å vere med i Skavlan eller Nytt på nytt – bra eller dårlig? Lurt eller dumt? Grei ut og drøft!

Lunsj. Ta vare på kvitteringa.

Medier og kommunikasjon. Andre måtar å avleie merksemda på: Fortelje på Twitter kva du åt til lunsj? Dele spelelistene dine med andre? Gode eller dårlige idear? Grei ut og drøft.

Klassens time. Kva driv eigentlig statssekretærane med?

Medier og kommunikasjon. Vi øver oss på å ikkje seie «berre vent til du sitt i regjering sjølv» til opposisjonspolitikarar som kritiserer oss.

Gym, dobbeltime. Vi øver oss på å bli drivne frå skanse til skanse. Så øver vi oss på å først legge oss flate, så bli drivne frå skanse til skanse, så legge oss flate ein gong til. No begynner det å bli vanskelig, folkens!

Medier og kommunikasjon. Vi øver oss på å halde kjeftane våre og ikkje påpeike det openbare når ein redaktør først skriv om samrøre og nepotisme, og så kommenterer si eiga sak i positive ordelag i intervju med ein kollega.

Praktisk øving. Det blir funne feil med kvitteringa for kjøp av treningstøy du hadde med tidligare. Kanskje har du handla i ein butikk driven av nokon du kjenner? Kva gjer du?

Praktisk øving. Du blir stilt kritiske spørsmål om den skuledagen du nettopp har vore gjennom og må bruke alt du har lært for å takle kritikken best mulig. Spørsmål du kan komme til å få er:

– Har du dokumentasjon på at du ikkje har dusja for lenge?

– Kvifor dusja du ikkje etter dobbeltimen i gym mot slutten av dagen? Er ikkje det ei indirekte innrømming av at du dusja for lenge etter dei to første gymtimane?

– Denne skuledagen har vart i atten timar. Kor mykje kostar det skattebetalarane?

– Kan du dokumentere at all maten du åt i lunsjen er kortreist og økologisk?

– Er ikkje tjukkasmatte eit belastande og stigmatiserande uttrykk? Kva seier det om elitens syn på folk med vektproblem at ein bruker slike uttrykk på statsrådnivå i Norge?

 

Eksamen: Skriv ned, ord for ord, minutt for minutt, absolutt alt som har blitt sagt og gjort i løpet av denne skuledagen.

Viss du ikkje klarer det, må du ta dagen omatt, igjen og igjen, heilt til du går av.

 

Lykke til! Og velkommen.