«Herregud, ho er jo jente»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig mykje pengar for ein som ikkje har hatt noko pengar før, seier Amalie Marie Reisvaag (18), som har ein uvanleg ekstrajobb.

Ho er ei av få jenter som vågar å stå fram i eit mannsdominert gamingmiljø.

I fjor haust publiserte spelforskar Kristine Ask saman med Stine H. Bang Svendsen «Rapport om seksuell trakassering i online dataspill». Blant 935 deltakarar heldt halvparten skjult kva kjønn eller legning dei var for å unngå trakassering.

LES OGSÅ: Litt gaming skadar ingen

Pengar for intim informasjon
Framtida møter 18-åringen frå Sola på nyopna House of Nerds i Oslo. Der skal ho snakke om å straume – for det er slik Amalie får inntektene sine. Følgjarane hennar donerer pengar for å sjå og høyre på når ho speler dataspel som League of Legends (LoL), World of Warcraft (WoW),Counter-Strike og Hearthstone på straumetenesta Twitch.tv. For fanskaren er ho kjent under namnet Proxyfox.

Men medaljen har ei bakside. Amalie kan få telefonar av framande klokka fire på natta. Ukjente har tilbydd venene hennar pengar mot informasjon om sexlivet hennar og lettkledde bilete.

Andre kvinnelege gamarar har opplevd at nakenbilete av dei har vorte spreidd på nett, difor tek dataspelaren sine forhaldsreglar.

– Eg sender til dømes ingen private bilete over Facebook, i tilfelle kontoen vert hacka. Det gjeld berre å ha nettvett og ikkje sende slike bilete til folk du ikkje stolar på, eller ikkje sende det i det heile. Eg er òg forsiktig med kven eg seier ting til, forklarar Amalie, som var budd på denne situasjonen då ho «kom ut av skåpet som jente».

LES OGSÅ: Éin av fire sender intime bilete på Snapchat

Over 1 million visningar
Amalie sjølv karakteriserer seg som sjenert og var ikkje sikker på om ho ville stikke seg fram, då nokre vener foreslo at ho skulle straume spela sine.

Ho var òg fullt klar over at det å vera jente ville gje ho meir merksemd.

Før ho starta å straume var ho ein anonym gamer, men med sin eigen videokanal vart ho ei gamerjente.

Sidan starten har ho hatt langt over ein million visningar, og sjåartala berre veks frå veke til veke. No har ho kring 20.000 følgjarar på Twitch, i tillegg nesten 7000 følgjarar på Facebook, fleire tusen på Instagram og over 1800 på Twitter.

Planen framover er å satse meir internasjonalt, medan ho fullfører media og kommunikasjon på vidaregåande.

– Eg har alltid interessert meg for ting som gjev meg utfordringar, fordi eg lærer ganske fort. Sidan eg var liten har eg spelt med søskenbarna mine, som begge er gutar. Då eg flytta hadde eg problemer med å verte kjent med folk, så det vart til at eg spelte mykje på nett og fekk vener der, forklarar 18-åringen frå Sola.

Frå det ho kallar typiske jentespel og barnespel, gjekk vegen vidare til spel som LoL og WoW, der utfordringane var større.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida


Proxyfox speler meir enn berre data. Det hender ho tek fram gitaren til ære for følgjarane sine. Foto: Proxyfox, Facebook

Jentekneika
– Det er ikkje slik at eg kallar meg «girlgamer», på same måte som ein gut ikkje kallar seg «boygamer». Då eg byrja å streame gjekk det opp for folk at; «herregud, ho er jo jente», men for det meste har responsen vore positiv. Folk tykkjer det er gøy og sjå på, men det er òg nokon som seier at om du er flink jente så er det ikkje du som har spelt. Nokon må ha spelt for deg, forklarar Amalie.

18-åringen meiner det er stort press på jenter som vil spele seriøst. Dei må prestere i kvart game, om ikkje kan dei verte skulda for juks og å spele på utsjånaden.

– Det er mykje fordommar om at jenter ikkje kan spele. Eg tykkjer det er behov for fleire jenter som har lyst å satsa profesjonelt. Mange vil nok ikkje satsa seriøst fordi det er for tidkrevjande. At gutar sit heile dagen på rommet sitt og gamer er kanskje meir akseptert. Foreldra mine var ikkje noko begeistra for spelinga, og sa at eg ikkje fekk spele meir enn to timar til dagen, men no går det greitt. Dei skjønar at to timar er altfor lite for meg, smilar Amalie.

LES OGSÅ: Spelejenter i sommarsol

– Kvinner har mindre fridom
Spelforskar Kristine Ask ved NTNU bloggar om spel på Spillpikene og har forska på korleis vanlege speljenter opplever kulturen.

– Seksuell trakassering er diverre ganske utbreidd. Det er ikkje kjønnsfridom om ein ikkje kan vere open om kva kjønn ein er. Mange speljenter blir verande i skapet for å sleppe uønskt merksemd. Forskinga seier klårt at det har konsekvensar for jentene. Dei tek forbehold mot ekstra merksemd, mellom anna gjennom kva spel dei speler, korleis dei ter seg og kven dei speler med. Kvinner har mindre fridom til å uttrykke seg og gjere som dei vil i spel, forklarar Ask.

Slik trakassering i online spel kan føre til mellom anna nedsett sjølvkjensle og sosial angst for dei som vert utsett.

LES OGSÅ: Tillèt berre ein homofil på laget

Breivik-kommentar
Overvekta av tilbakemeldingane Amalie får som Proxyfox er positive, men ho har òg fått kjenne på netthetsen. Ho trur mykje av grunnen til ukulturen er at det er lett å slenge kommentarar når ein er anonym på nett.

Hetsen prellar av i større grad no enn før, men nokre kommentarar går inn.

– Eg er politisk aktiv i AUF i Stavanger og hadde eigentleg tenkt å reise på Utøya. Det var ein som skreiv at eg skulle vore på Utøya og blitt skutt av Breivik. Når det går på at eg speler dårleg er det greitt, men når det går på andre personlege ting er det ekkelt, seier Amalie, som nyleg opplevde å få eit innvandringsfiendtleg skriv sendt heim til si postkasse.  

– Det var som noko Breivik kunne sagt, og skikkeleg ekkelt.

Slike hendingar og kommentarar høyrer heldigvis til sjeldanheitene.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Maskuline ideal
Spelkulturen er framleis ung, men har vekse seg stor på kort tid. Kristine Ask meiner mykje av den interne konflikten står om kva spelkulturen skal vere – ein hypermaskulin fristad eller eit inkluderande miljø.

– Dei som driv med trakassering oppfattar det ikkje sjølv som trakassering og skjønar ikkje kritikken. Dei er oppteken av at spela skal vere ein fristad der dei skal sleppe å måtte passe seg og kan eggje opp motstandaren, seier Ask, som fortel at profilerte mannlege esportspelarar òg vert utsett for hets og drapstruslar.

Men det er fleire gode tiltak frå miljøet.

– LoL er kjent for å ha den aller verste kulturen av alle, men har teke grep og betra det. Dei endra kva måte spelarane kan kommunisere med kvarandre på, mellom anna gjennom vener og godkjente førespurnadar. I tillegg innførte dei eit omfattande rapporteringssystem og strengare sanksjonar mot spelarar som bryt reglane. Eg trur erfaringane her kan nyttast andre stader, seier Ask, som meiner det heile er eit haldningsspørsmål.

– Den skeive kjønnsfordelinga har hatt ubehagelege konsekvensar. Sjølv om kvinnedelen har auka er dei redde for å markere seg som damer og forblir usynlege. Sjølv om eg ynskjer at dei skal stå fram og vise kven dei er, har eg ein enorm sympati for at ein ikkje orkar presset, seier Ask.

LES OGSÅ: Sportsstipend for dataspel

Provoserande jenter
Og Proxyfox har nokre konkrete råd til andre jentegamerar som har lyst å straume spela sine.

– Ikkje gjer så mykje ut av at du er jente, for det provoserer berre. I tillegg må du ikkje ta deg så nær av ting. Elles vil eg berre oppmode folk til å streame, fordi det er veldig kjekt.  Eg har blitt kjent med mange og kan møte folk som spør om autograf eller å ta bilete med meg. Det er kjekt å få den tilbakemeldinga på noko ein veit ein har jobba hardt for å oppnå, seier Amalie, som likevel meiner at gamingmiljøet har ein veg å gå.

– Eg har alltid følt eg høyrer heime i dette miljøet – uansett kjønn. Ein må berre drite i om folk er jenter eller gutar, for det har ingenting å seie. Generelt treng miljøet å tenke meir positivt og vere meir positive mot kvarandre, avsluttar spelaren. 


Proxyfox er aktiv på sosiale medier, der ho har kontakt med følgjarane.