Her er sonen til Harry Potter
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
7. juni er det premiere på det heilt nye teaterstykket «Harry Potter and the Cursed Child» på Palace Theater i London.
QUIZ: Sjå kor mange tryllformularar frå Harry Potter som du klarer!
Albus Severus Potter
Den heilt nye historia går føre seg 19 år etter den store finalen i Harry Potter og dødstalismanene. Potter er ein vaksen trollmann som jobbar i Ministry of Magic (Magidepartementet). Saman med Ginny Weasley (Gulla Wiltersen) har han fått fleire born. Og unge Albus Severus Potter, som er veslebroren til James, er i ferd med å bli kjent med sine magiske krefter.
Historia, som kjem i to delar, er skriven av Harry Potter-forfattar J.K Rowling. Stykket er tilpassa scenen av manusforfattar Jack Thorne og regissert av John Tiffany. Musikken er laga av Imogen Heap.
Tysdag kom dei første bileta av dei nye Harry Potter-skodespelarane i kostyme på den offisielle nettsida Pottermore.com.
Rollelista har fått mykje merksemd fordi den vaksne Hermione Granger (Hermine Grang) vert portrettert av Noma Dumezweni som er svart, i motsetning til Emma Watson, som hadde rolla i filmane.
LES OGSÅ: Harry Potter skapar toleranse
Frå venstre: Paul Thornley som Ron, Noma Dumezweni som Hermione og Cherrelle Skeete som Rose. Foto: Charlie Gray, Pottermore.com