Her er dei nominerte til årets Gullbarbie

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei er nominerte til årets Gullbarbie

Kvart år deler organisasjonen Press ut ein Gullbarbie til ein aktør innan reklame eller media som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». I fjor gjekk «prisen» til Dagbladet.

Dei tre nominerte i årets kåring er Nettavisen, Bik Bok og Brun og Blid.

Vinnaren vert kåra gjennom ei nettavstemming som er open til og med 5. februar.

For to år sidan fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ein bit av gullbarbien. Les kvifor her!

– Burde skamma seg
Gjennom prisen ønskjer ungdomsorganisasjonen til Redd Barna å sette fokus på aktørar som nyttar uoppnåelege skjønnheitsideal, seksualisering og gamaldagse kjønnsroller i marknadsføringa si.

– Dei tre nominerte burde alle skamma seg over korleis dei påverkar ungdom. Me ser at stadig fleire unge slit med dårleg psykisk helse, og mykje av dette skuldast aktørar som desse, seier Press-leiar Karoline Steen Nylander i ei pressemelding.

Her er bakgrunnen for nominasjonane – og reaksjonen frå dei nominerte:

Bik Bok

Kleskjeda er nominert «for å framstille einsidige ideal, samt bruke unødvendig seksualisering retta mot eit særleg ungt publikum.»

– Plakatane til kleskjeda heng i store butikkvindauge, inne i lokala, og kan opplevast som umogleg å unngå. Med sin utstrakte reklame blir det vist fram at det kun finst ein måte å være perfekt på, uttalar PRESS.

Bik Bok svarar at dei synest det er beklageleg å vere nominert til årets Gullbarbie, men at dei ikkje kjenner seg att i biletet PRESS gir.

– I Bik Bok jobbar det stort sett kvinner, både i butikk og på kontor. Vår kommunikasjon er laga av kvinner for kvinner, og i våre sosiale medium viser me i all hovudsak kundane sine eigne bilete. Bik Bok er også kjent for støtte unge kvinner sine rettar gjennom vårt langsiktige samarbeid med Plan, skriv Renè Høgsted, sjef for marknadsføring i Bik Bok i ein epost.


Kvart år sidan 2010 har PRESS delt ut gullbarbien. I fjor gjekk prisen til Dagbladet.

Nettavisen

Nettavisen er nominert for «kvinnesida» Side2 og «mannesida» Side3.

– Desse sidene er bygde på gamle kjønnsroller og svært seksualiserte saker. Side3, som rettar seg mot menn, produserer saker om «dei feitaste bilane og dei hottaste damene», medan Side2, som rettar seg mot kvinner, trykker saker om trening, shopping og skjønnheit, skriv PRESS i nominasjonen.

Gaute Tyssebotn, magasinsjef i Nettavisen, meiner kritikken mot Side2 og Side3 er lite treffande.

– Me har eitt kvinnemagasin og eitt herremagasin, og dei må nødvendigvis spegla kjønnet dei er retta mot, utan at eg føler at det er noko gamaldags med det, seier Tyssebotn.

Han fortel at 9 av 10 saker på Side3 handlar om bilar, populærvitskap og teknologi fordi det blir lese mykje.

– Om det er stereotypisk eller ikkje, veit eg ikkje, men det er i alle fall sånn det er, seier han, og legg til at det i 2016 var rundt 40 prosent kvinnelege lesarar på Side3.

– På Side2 er ein stor del av innhaldet skrive av unge kvinner som er bloggarar. Dei speglar heile verda rundt seg, seier Tyssebotn.

Han peikar også på at bloggar Sophie Elise, som er hyppig brukt på Side2, har fått positiv merksemd nettopp for å fremma mental helse.

Brun og Blid

Solariumkjeda blir nominert for andre året på rad. Grunngivinga er også den same som i fjor:

– I offentleg rom og sosiale medium har dei brukt same type modellar, og vist liten grad av mangfald. Reklamane verkar retusjerte, modellane er like, veldig lettkledde og med på å fremje det same, gamle biletet av kva skjønnheit er, heiter det mellom anna i nominasjonen frå PRESS.

Dei kritiserer også at Brun og Blid gjer kropp til ein konkurranse med si kåring av «Årets Brun og Blid-modell», der ein heldig vinnar får ein pris på opp til 500.000 kroner.

– Dei som har valt ut Brun og blid til denne Gullbarbie-konkurransen kan umogleg følgje med på kva me driver med, uttala gründer og administrerande direktør i solariumskjeda, Thorbjørn Frantzen, til Framtida.no etter nominasjonen for eit år sidan.

Han peikte mellom anna på at dei stiller færre krav enn i andre liknande modellkonkurransar, og at både mødre, gifte og menn kan konkurrere om å bli solariumsmodell.

Les meir om tidlegare års Gullbarbie-vinnarar på Framtida.no:

2015: Dagbladet

2014: Elevkalenderen

2013: Russedress

2012: Victoria’s Secret

2011: Jack & Jones

2010: Diesel