Handballen ligg etter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Inkluderingskonsulent Stig Blindheim i Hordaland ser at det er store skilnadar mellom dei ulike idrettane, når det gjeld talet på aktive med minoritetsbakgrunn. Han jobbar på oppdrag frå Hordaland idrettskrins, fotballkrinsen og Handballforbundet Region Vest.

Fotball og basket i front
– Fotball og basket har til dømes kome langt, mens handballen framleis har et stykke å gå, seier Blindheim.

LES OGSÅ: Vil inkludera fleire i idretten

Medan fleire på herrelandslaget i fotball har minoritetsbakgrunn, var alle gulljentene på det norske kvinnelandslaget i handball etnisk norske.

Manglar heilt
Blindheim var nett på ei handballturnering for barn i Bergen og såg ikkje éin spelar med minoritetsbakgrunn.

Medan Fotballforbundet har jobba med inkludering av personar med fleirkulturell bakgrunn i nær tjue år, er Norges Håndballballforbund (NHF) høvesvis ferske. For eitt år sidan byrja dei prosjektet «fargerik handball».

– Vi har særleg fokus på å få med jenter med minoritetsbakgrunn, seier prosjektleiar Eva Skei i NHF.

20 prosjekt
Kring 20 klubbar har no byrja eigne prosjekt for å få med fleire spelarar med minoritetsbakgrunn.

Skei trur dei vil sjå resultat på litt lengre sikt. Dei har erfart at informasjon er noko som er svært viktig for å nå fram, både til dei unge sjølv, men og til foreldra.

Viktig informasjon
– Difor har vi mellom ana laga ei informasjonsbrosjyre på sju språk. Mange klubbar har også ei prøvetid, der barn og unge kan vere med gratis i nokre månadar før ein bestemmer seg for å verte medlem, seier Skei.

Ho har tru på at det vil kome fleire spelarar med minoritetsbakgrunn til handballen, kanskje òg på landslaget med tida.

– Kvifor har ikkje handballen jobba spesielt med inkludering av personar med minoritetsbakgrunn tidlegare?

– Det handlar om ressursar. For å kunne setje i gang prosjekt som dette ute i idrettslaga må ein ha tilskot og ressursar, seier Skei.

NHF får no støtte frå Integrering – og mangfaldsdirektoratet og Utlendingsdirektoratet til sitt prosjekt.

Blindheim ser at noko av utfordringa med å få med jenter i handballen, mellom anna kan vere bruk av tettsittande drakter og shorts. Men det er mogleg å til dømes spele med tights i staden for shorts.

Spelar med hijab
– Og det er tillate å ha på seg hijab både når ein spelar fotball og handball, seier Blindheim.

LES OGSÅ: Lærer Noreg gjennom idrett

I Hordaland idrettskrins har det vorte arrangert to såkalla fargerike handballturneringar i år og ni fargerike fotballturneringar. Til saman har 3100 born og 200 vaksne delteke.

Bergen kommune samlar no dei ulike aktørane som driv med inkludering innan idrett. Dei skal ha tett kontakt med kvarandre. Målet er at ein skal få eit samkøyrt tilbod som er breitt og lett tilgjengeleg.

– Noko av det viktigaste er å synleggjere tilbodet vi har, seier fagkonsulent Marte Brunborg i Idrettsservice i Bergen kommune.