Halve befolkninga brukar biblioteka
Halvparten av befolkninga brukar biblioteka rundt om i landet, og fire av ti besøkjande er godt nøgde med tilbodet der dei bur, viser ei undersøking som Sentio har laga for Nationen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
52 prosent svarar at dei nyttar seg av biblioteka. Av desse svarar 42 prosent at dei er godt nøgde med tilbodet der dei bur. Samtidig svarar 47 prosent at dei aldri brukar fylkesbiblioteka der dei bur.
– Resultatet samsvarar med inntrykket vårt. Cirka halvparten av befolkninga brukar biblioteket, og dei som brukar det, er stort sett svært nøgde. Over tid ser vi svak, men jamn nedgang i bruken av biblioteket. Det er ikkje rart når vi ser på talet på bibliotek i dag og for 20 år sidan, seier leiar av Norsk Bibliotekforening, Ingeborg Rygh Hjorthen, til Nationen.
I perioden mellom 1995 og 2005 blei 292 bibliotek lagt ned i Noreg. Frå 2005 og fram til no har ytterlegare 64 bibliotek stengt for evig og alltid. Men biblioteka låner framleis ut nærmare 20 millionar bøker kvart år. Folk med høg utdanning som brukar biblioteka mest. Ifølgje undersøkinga nyttar 62 prosent av kvinner seg av biblioteka, medan 43 prosent av menn gjer det same.
– Medan mange høgt utdanna menneske brukar biblioteka først og fremst som ein utlånsstad der dei hentar bøker og forsvinn på nokre få minutt, brukar fleire av dei med lågare utdanning biblioteket som meir enn ein stoppestad. Dei set seg gjerne ned og blir på biblioteket i mange timar. Dei låner ikkje like ofte med seg noko heim, seier professor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Svanhild Aabø. (©NPK)