God kveld, jubileum!

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg gleder meg veldig til å diskutere Amundsen og Nansen i år. I heile år.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle år er jubileumsår, då det blir feira at det er hundre år sidan noko skjedde. Dette blir som regel feira ved at ein bruker eit heilt år til å diskutere om ein eigentlig burde ha feira det på ein annan måte.

I år er det både Nansen- og Amundsen-år, i samband med at det er hundre og/eller hundrogfemti år sidan Roald Amundsen og/eller Fridtjof Nansen blei født, døde eller nådde eit polpunkt.

Og allereie i årets første veke har det vore diskusjonar om feiringane av Amundsen og Nansen. Det er slik det skal vere. Slike diskusjonar høyrer med i årets første veke. I tillegg til spådommar, hopprenn og folk som seier at statsministerens nyttårstale ikkje var spesielt bra.

Men diskusjonar om Tom Hilde og nyttårstalen går fort over. Jubileumsår skal vare i eitt år, og poenget med slike år er at dei skal skape engasjement og interesse for historiske personar og hendingar. Det var derfor vi i fjor brukte eit kvart høve – i lunsjpausar og feriar, i hytter og heimar, på gater og torg – til å diskutere Bjørnson så busta fauk.

Skal slike jubileumsår fungere etter planen, må vi alle gjere vårt. Vi må alle prøve å bidra til diskusjonen og engasjementet. Derfor, her er mitt bidrag til diskusjonen om jubileumsår:

Eit typisk jubileumsår er som eit typisk innslag i «God kveld, Norge» som varer i eitt år.

«God kveld, Norge» er – som du veit, uansett kor mykje du prøver å late som noko anna – eit TV2-program som handlar om underhaldning og kjende menneske.

Eit typisk innslag i «God kveld, Norge» blir introdusert av Dorthe Skappel som sitt med ansiktet mellom knea og seier noko slikt som at «Alle husker den livsglade og sprudlende frisøren Tove fra ‘Jakten på kjærligheten’ der hun sjarmerte seg inn i alles hjerter med sitt livsglade og sprudlende frisør-vesen. Men den livsglade og sprudlende frisøren har også andre sider».

Så kjem eit innslag der den livsglade og sprudlande frisøren gjer heilt andre ting enn livsglade og sprudlande frisørting. Det kan for eksempel hende at ho badar eller speler mini-golf eller går langs ei strand og ser åleine ut, og så fortel ho at ho av og til kjenner seg einsam og at det kan bli litt mykje, og at ho ikkje berre er den livsglade og sprudlande frisørjenta alle kjenner frå ‘Jakten på kjærligheten’, men at ho også kan vere både sint og lei seg. Og så seier ho at ho har fått kritikk. På nettet. Og på gata. Og i avisene. Og at det har gått inn på henne. Og at folk som ikkje kjenner henne kanskje skal vere litt forsiktige med å kritisere. Og så går ho kanskje langs stranda ein gong til. Og kastar ein stein. Og så er det slutt. Det skal dei ha, innslaga i «God kveld, Norge». Dei sluttar.

Jubileumsåra er bygde opp på akkurat den same måten. Med nokre unnatak. Dorthe Skappel er for eksempel sjeldan med.

Eit typisk jubileumsår blir introdusert av nokon som er ansvarlig for feiringa, som regel nokon som ikkje har ansiktet mellom knea. Vedkommande seier at alle kjenner den djerve polfararen og eventyraren Amundsen, men den djerve polfararen og eventyraren hadde også andre sider.

Så kjem eit år der vi får sjå Amundsen gjere heilt andre ting enn djerve polfarar- og eventyrarting. Diverse arrangement landet over lar oss bli kjende med ordensmennesket Roald Amundsen, foredragshaldaren Amundsen, flygaren Amundsen, vitskapsmannen Amundsen, samevennen Amundsen og matmonsen Amundsen. Desse sidene ved Amundsen blir viste fram på ymse måtar. Det kan for eksempel hende det blir laga teaterstykke, bøker, dataspel eller nyskrivne musikkstykke for istappar og trompet.

Så kjem nokon kritikarar og seier at jubileumsåret viser eit glansbilde, og at ein ikkje må gløyme alle dei andre sidene denne mannen hadde. For eksempel den dårlige naboen Amundsen, møkkamannen Amundsen, surpompen Amundsen, pipestilken Amundsen, dusten Amundsen, kødden Amundsen, Amundsen som var dårlig til å vedlikehalde barten sin, og horebukken Amundsen. Kvar er horebukken Amundsen i teaterstykka, spør kritikarane. Og kvifor blir det laga nyskrivne musikkstykke for istappar og trompet, og ikkje for hore og trombone?

Og så er det slutt. Det skal dei ha, jubileumsåra. Dei sluttar. Etter eitt år.

Denne artikkelen stod først på trykk i Dagsavisen 9. januar.