Gaming formar språket

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg er det som å ha to morsmål. Eg snakkar like godt engelsk som eg snakkar norsk, seier Jonas Nyløy Navarsete (26). Sogningen har lagt mange timar i dataspel som World of Warcraft (WoW), Counter-Strike (CS) og Heroes of Newerth (HoN) – online-spel på engelsk, der det å snakka med andre spelarar frå heile verda er ein viktig del av det å bli skikkeleg god.

Sogning og engelsk
Han har merka kor mykje spelinga har hatt å seia for engelskkunnskapane – og har fleire gonger tatt seg sjølv i å komma på engelske ord før han kan det norske.

– Eg trur det har litt å gjera med at når du ofte praktiserer eit språk som ikkje er morsmålet ditt, så tenkjer du òg på det språket. Eg har tenkt setningar på engelsk, som eg så må omsetja til norsk, fortel sogningen.

– Det hadde ikkje skjedd utan gaming, det er eg sikker på, legg han til.

I løpet av samtalen vekslar også sogningen mellom norsk og engelsk. «On the fly», som han sjølv seier.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Har merka seg tendensen
Anne Mette Sunde, stipendiat ved NTNU, har merka seg ein liknande tendens. Ho har også ein teori om at det engelske språket har byrja å påverka gramatikken vår, og ikkje berre enkeltord.

– Det er til dømes ein aukande tendens at seg-pronomenet er på veg vekk. Me seier kanskje «Stjernene flokkar til motevisinga», og kuttar ut «seg». Det kan vera engelsken si skuld, for det er det einaste av dei germanske språka som ikkje brukar refleksivpronomen med refleksive verb, seier Sunde.

Ho var nyleg innom sommarleiren til Norsk Målungdom for å snakka om akkurat dette – då tok ho òg føre seg dataspel.

– Eg lurte på korleis eg skulle undersøka dette (den engelske påverknaden av norsk språk, jour.anm). Eg fekk tips frå ein kamerat som jobbar på Outland i Oslo om å undersøka gamerar, fordi dei var så gode i engelsk. Han fortalde om fleire som var innom butikken og diskuterte spel på engelsk, sjølv om dei hadde norsk som morsmål.

Når jenter reiser på fest og gutar spelar CS
Til no har ikkje undersøkingane hennar blitt til eit handfast resultat – men ho har funne ut mykje på vegen. Mellom anna syner ho til svenske undersøkingar på gamerar som viser at gutane har blitt betre i engelsk, etter ein lang periode der jentene har trona på toppen.

– Det skuldast at gutane spelar meir, og dei spelar andre spel. Gutar spelar online-spel som CS, medan jentane spelar åleine og offline, spel som The Sims.

Akkurat det har ho merka sjølv også.

– Dette hugsar eg frå då eg vaks opp. Gutane i venegjengen reiste på LAN medan me var på fest, og dei vart veldig fort gode i engelsk fordi dei spelte CS. Det er ei klar samanheng der, så eg trur dataspel kan ha ganske mykje å seia for den generelle engelskutviklinga.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Praksis gjer perfekt/Praktice makes perfect
Jonas Nyløy Navarsete trur det hjelper at du praktiserer språket så mykje som du gjer når du spelar online.

– Eg hugsar eg spelte saman med ein del skottar, og etter eit år snakka eg skotsk sjølv. Det er fascinerande, fortel han.

– Det var nokre periodar der eg følte eg fekk ordentleg flyt på engelsken. Det mange manglar er å praktisera språket. Eg trur det er lettare for folk som til dømes syng eller gjer imitasjonar, fordi du plukkar opp ulike karakteristikkar i språket. Språket utviklar seg på ein heilt anna måte enn om du berre høyrer ein engelsklærar snakka og lesa frå boka.

Den engelske påverknaden gjennom dataspel skjer i fleire ledd. At menyar, mekanikkar og dialog i dei fleste spel går på engelsk er ein del av saka – men at ein kommuniserer med andre har kanskje like mykje å seia. Navarsete trur både skriftspråket og talemålet blir påverka på sine måtar.

– Du skriv mykje engelsk når du snakkar med folk på spel, men det er modernisert, og stemmer ikkje heilt gramatisk. Det er L33T-språk (sjå faktaboks. Du kan få noko ut av å lesa manualar, men eg trur det er snakkinga ein får mest ut av. Du praktiserer språket munnleg, og svarar det som passar utan å tenka for mykje over det. Det er jo slik me lærer norsk òg.

LES OGSÅ: Pippi kan redda truga språk
Språk har alltid utvikla seg i forhold til kvarandre, og me har alltid hatt mange låneord frå andre språk. Det er ikkje noko nytt – og for så vidt er det ikkje revolusjonerande å sei at dataspel påverkar språket ditt heller. Men noko av det som fascinerer Anne Mette Sunde med dagens språkutvikling er kvar det kjem frå.

– Når språk påverkar kvarandre kjem det ofte frå toppen og nedover i samfunnslaga. Men det spesielle med dataspel er at det gjennomsyrar samfunnet, men er ikkje like prestisjefylt. Det kjem frå botnen – alle driv med det.

Språk frå misbruk
Når Sunde skal skildra korleis det engelske språket påverkar norsken, trekk ho fram mange døme på engelsk oppbygging i norsk språk. «Hva å gjøre på date», «Hvem å gifte seg med» – slike døme har ho sett mykje av på til dømes debattforum.

– Mange som er opptekne av språk vil kanskje rynka på nasen av slike setningar. Vil du sei dette er ei negativ utvikling?

– Mange vil nok sei det er negativt, men eg tykkjer ikkje det er så rart at det skjer. Engelsk har blitt eit andrespråk i Noreg på kort tid, i staden for eit framandspråk, seier Sunde, og siterer rettleiaren sin på NTNU:

– Om du tek ein jordbærtyggis og ein banantyggis i munnen, er det umogleg at smakane ikkje påverkar kvarandre. Eg vil ikkje sei det er negativt.

Ny hybrid?
Om Sunde skal sjå føre seg eit framtidsscenario, kan ho sjå føre seg ein hybrid mellom norsk og engelsk.

– Eg trur ikkje norsken døyr innan 100 år. Men likevel er det grunn til å vera «bekymra» om du vil at norsken skal bestå som den gjer. Eg trur ikkje den er i fare, men den vil utvikla seg, og kanskje bli ein slags hybrid mellom norsk og engelsk med mykje kodeveksling, at ein byter mellom språka i vanlege sentingar. Men det er heilt umogleg å sjå føre seg, sjølvsagt.

Ho legg til:

– Dagens språkbruk har ofte ei fortid i misbruk. Kanskje blir dagens forumspråk normen i framtida, sjølv om det kan bli sett på som misbruk i dag.

Journalisten kjenner Jonas Nyløy Navarsete frå oppveksten. Dette har ikkje forma saka.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Faktaboks

Ordliste:
L33T er namnet på eit språk som blir nytta i gaming. L33T står for Elite – altså dei beste. Innan L33T finn me uttrykk som LOL, WTF og dei andre kjende døma.
Heroes of Newerth er eit såkalla MOBA-spel, der du styrer ein helt på eit lag, som slåss mot andre online.
World of Warcraft var lenge den største suksessen i online-spel, og har sett mange standardar for spel som kjem etter i same sjanger.
Counter-Strike er eit klassisk FPS – first person shooter. To lag spelar mot kvarandre i eit skytespel med høgt tempo.