Fleire får karakterar på jobben

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får karakterar på jobben

Er du lojal mot visjonane og verdiane til selskapet? Snakkar du positivt om arbeidsgjevar på fritida? Dette er døme på kriterium tilsette kan bli vurdert etter utan at dei veit om det, og som i neste runde kan få konsekvensar for løn og vidare karriere.

Slik karaktersetting er på rask frammarsj i norske selskap, viser undersøkinga Norsk ledelsesbarometer frå organisasjonen Lederne.

– Vanlege målesystem etter kor mykje avdelinga di produserer, er ikkje eit problem. Men når abstrakte verdiar blir brukt som grunnlag for å gje tilsette straff eller belønning, blir verdiar brukte som eit maktmiddel, seier forbundsleiar Jan Olav Brekke i Lederne til Newswire.

LES OGSÅ: Desse jobbar hardast

Han nemner døme på folk som blir sett ned i stilling på bakgrunn av evalueringar dei verken har kontroll over eller høve for å diskutera.

Dei fleste av medlemmane i Lederneer mellomleiarar. Over halvparten av medlemmane som har karakterliknande system, kjenner ikkje kriteriane for prestasjonsvurderingane, viser undersøkinga.

Både organisasjonen Lederne og forskarane i De facto, som har utført undersøkinga, stiller spørsmål om slik karaktersetting kan vera lovleg.

LES OGSÅ: Gransking: – Kvinneleg sjef er best

– Når dårlege karakterar resulterer i at du ikkje får lønnstillegg, er det eit tydeleg signal om at du ikkje er ynskt. Då er det mange som føler seg pressa til å slutta, og dermed omgår føretaket stillingsvernet som ligg i arbeidsmiljølova, seier rådgjevar Stein Stugu i De facto.

– Bedriftskulturar der visjonar og verdiar gjennomsyrar alt i verksemda, er ein styringstrend frå USA som ber preg av selskapsreligion. Tilsette skal finna meininga med livet i jobben og føla seg forplikta til å gje alt for arbeidsgjevaren, legg han til.