– Fantasi er viktig i sjakk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sigve Hølleland frå Ostereidet merkar sjakkfeberen som herjar landet godt.

– Det er litt rart, for sjakk har vore ei lita nisje. No har det vorte meir stas å drive med sjakk og det er fleire som kjenner betre til det. Tidlegare har det vore få som kan reglane og mange som trur at det handlar om flaks, forklarar sjakktalentet, som i år har teke sine to fyrste NM-titlar.

LES OGSÅ: Vil ha sjakkløft i skulen

Inga Facebook-oppdatering
I vår vann han det opne noregsmeisterskapet i sjakk, før han førre månad vann ungdoms-NM.

– Det har vore eit veldig bra år. Eg har hatt ein heilt eventyrleg framgang , som eg ikkje hadde forventa, medgjev 18-åringen, som er såpass beskjeden at han ikkje annonserte på fjesboka då han vart noregsmeister i sjakk.

I tillegg gjev han mykje av æra til lærar Simen Agdestein, kjent som trenar og manager for verdsmeister Magnus Carlsen.

LES OGSÅ:– Kva er det med sjakk?

Matte og fantasi
Og for dei som lurer: Sjakk er ikkje flaks.

Sigve sitt beste triks for å verte god er taktikk- og mengdetrening. Du må spele mykje, heilt enkelt.

– Sjakk har same røter som matte, i tillegg er fantasi viktig. Det handlar om å kunne ta eit trekk som kanskje ikkje er det teoretisk beste, men som kan overraska motstandaren og få han til å gjera feil, fortel noregsmeisteren.

Framtida møter han på Noregs Toppidretts Gymnas i Bærum, der han går andre året på sjakklinja.

På timeplanen står ti timar sjakk i veka. I tillegg kjem eigentrening og turneringar.

Denne helga er Sigve og dei elleve andre i sjakk-klassen i Storbritannia for å delta i London Chess Classic, som varar heilt til 14. desember.

Vestlendingen speler i ein klasse under toppstjernene som Vishy Anand, kjent for nordmenn som Carlsen sin sjakkmotstandar. Men speler han godt frå byrjinga av har han faktisk sjanse til å møte Anand i hurtigsjakk.

LES OGSÅ:Sjakksalet tredobla sidan ifjor

Kult sjakkmiljø
Det var Sigve sjølv som fatta interesse for sjakk. Som liten gut leste han seg opp på reglane på eigahand. Allereie som 11-åring slo han faren. Då fann foreldra ut at sonen burde byrja på sjakk. Tilfeldigvis hadde nabokommunen eit blømande miljø.

– Det er veldig flinke folk, som har fått til eit bra tilbod der det ikkje er så mykje anna å ta seg til. Sjakkmiljøet er veldig kult fordi du finn så mange ulike personlegdommar. Det er både sportsfolk og slike som berre sit framføre pc-en, forklarar Sigve, som viste større talent for sjakk enn fotball.

Det var dåverande rektor på Sandnes skule Odd Birkestrand, som starta sjakklubben i bygda Masfjorden i 1978. I dag er ein av fem elevar i skulane i Masfjorden medlem i sjakklubben.

– Kva er det eigentleg som er så kult med sjakk?

– For å vere heilt ærleg er det gøy å slå motstandaren, å vere smartare, smilar Sigve.

Å svara på kva ambisjonar han har tykkjer 18-åringen er vanskeleg. Først satsar han på å verte FIDE-meisteri sjakk, noko som betyr ei rating på 2300 eller meir frå Verdssjakkforbundet. Så håpar han å stige i gradene etter det. Fram til no har han nok vore rangert litt for lågt, men han tek eit steg av gangen.

Sigve er klar over at utviklinga kan stagnera.

LES OGSÅ: Ei ny von for tankesportane

Fortent merksemd
– Og kva med Magnus Carlsen, har du spelt mot han?

– Nei. Det er litt irriterande, for dei fleste av venene mine har spelt mot han. Eg vil aldri gå inn i ein kamp og seie at eg skal bli slått, men i teorien skulle eg nok blitt grust ganske godt, medgjev Sigve, som likevel trur det hadde vore gøy å spela mot verdsmeisteren.

Og det er ikkje tvil om at han tykkjer det er kjekt at fleire no får auga opp for sjakk. I tillegg til Carlsen sjølv, har sjakksatsinga til NRK og VGTV mykje av æra for det.

Likevel trur Sigve at ein må opp på eit visst nivå, før det vert spanande å sjå på sjakk.

– Men sjakk fortener all den merksemda det har fått. Sjansen for at me i Noreg skal ha verdsmeisteren i sjakk er lik null. Det er fleire sjakkspelarar i Kina enn det er folk i Noreg, avsluttar sjakktalentet.

LES OGSÅ: Mellom Putin og Kasparov