Fallos på Moster

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fallos blir fontene

Saka vart først publisert hos Bømlo-nytt, der du og kan sjå fleire bilete

Det er nesten nøyaktig to år sidan Bømlo-nytt fortalde om fallosen i stein som vart funnen i samband med grunnarbeid der den nye butikken skulle komme på Moster. Fallosen vart sett opp attmed anleggsområdet som ein kuriositet og ein potent lokal attraksjon. Det var Landmark Maskin som utførte grunnarbeidet den gongen, og Hjalmar Selle uttalte at fallosen ville bli fjerna før grunnarbeidet var fullført. Han sa at steinen vart oppdaga av ein av dei tilsette heilt tilfeldig då han heldt på med gravearbeid med ein gravemaskin. Då han oppdaga fasongen valde han å setje steinen på høgkant. Der vart han ståande.

– Dersom nokon ønskjer å ta vare på fallosen og ha han ståande einkvan plass så vil det vere mogeleg, sa Selle den gongen (teksten held fram under biletet).

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

I tusenvis av år
Det er ikkje mykje tvil om kva steinen skal førestille. Ein fallos førestiller det mannlege kjønnsorgan, og historisk sett har fallosar blitt mykje nytta som symbol på kraft og fruktbarheit. Ifølgje Store norske leksikon har fallosar ofte blitt nytta i samband med religiøse festar med sikte på å auke naturen, kveget og mennesket sin fruktbarheit. Hos dei gamle grekarane vart fallosen gjerne nytta i samband med dyrkinga av fruktbarheitsguden Hermes, og dessutan både Pan og Demeter. Det finst døme på fallossymbol frå det gamle Egypt og India. Her i nord har me døme på funn av fallos i tilknytning til den norønne fruktbarheitsguden Frøy. Det eldste funnet av ein fallos skal vere heile 28.000 år gamalt (teksten held fram under biletet).

LES OGSÅ: Sjøpølser skal stiva opp sexlivet

Seglingsmerke og fontene

No har altså fallosen fått sin permanente plass på sokkel ved Aasen-hallen i Mosterhamn. Fallosen kom opp nyleg, og då Bømlo-nytt var på synfaring i helga kunne me sjå at det på baksida av fallosen var montert ein slange. Dermed kan fallosen også fungere som fontene, om det skulle vere ynskjeleg. Så er spørsmålet om denne fallosen er tilfeldig forma av naturen eller om den kan ha blitt laga av menneskehender i norrøn tid. Mostraspelet handlar om brytningstida mellom gammal og ny tru, og med både steinkrossen og fallos-symbolet på Moster er begge trusretningar no representerte. I Aasen-hallen er det for tida pub i samband med musikalen «West Side Story», så dei som tek turen dit kan nytte sjansen til sjå nærmare på den nye attraksjonen på Moster.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst