Facebook utestenger falske nyheitsnettsider

Facebook vil hindre falske nyheitsnettsider i å bruke reklamenettverket til selskapet til å tene pengar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utestenger falske nyheitsnettsider

Facebook legg dermed falske nyheitsnettstader til lista over ulovlege og villeiande nettsider som ikkje har tilgang til å Facebook Audience Network, seier ein talsmann for selskapet, ifølgje Wall Street Journal.

– Dette gjeld frå no av falske nyheiter, og vi vil umiddelbart reagere mot nettsider og appar som bryt reglane våre, seier Facebook-talsmannen.

Andre nettaktørar kan bruke Facebook Audience Network til å rette reklame til dei som går inn på nettsidene eller mobilappane deira, og Facebook får ein del av inntektene. (©NPK)

LES OGSÅ: Facebook er den nye valplakaten