Etterlyser den nynorske litteraturhistoria

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterlyser nynorskoversikt

På den internasjonale morsmålsdagen 21. februar gav direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad ut bibliografien «Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt» på Aasentunet.no.   

– Boka er eit bidrag til den nynorske litteraturhistoria som no bør skrivast, meiner Grepstad. 

LES OGSÅ: – For få barnebøker på nynorsk  

Kvar fjerde på Samlaget
I bibliografien har Grepstad samla forfattarar som har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt i bokform – frå 1843 til og med 2014. 

Målmannen kjenner ikkje til at ein slik dokumentasjon er blitt laga for andre språk før.

Til saman rommar lista nesten 1300 forfattarar – halvparten av desse kom ut etter 1960.

Dei aktuelle skjønnlitterære debutantane har kome ut på nærare 300 forlag, men i seinare tiår stårnokre få forlag for dei fleste nynorsk- og dialektutgivingane.

Dei siste 50 åra har Det Norske Samlaget gitt ut kvar tredje nynorskdebutant.

– Over tid har det kome ut nynorske debutantar over heile landet, frå Kristiansand i sør til Havøysund i Finnmark. Det har vore ein viktig del av det å gjere nynorsk til eit språk for heile landet. No veit me at minst 1262 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt. Det er mykje, og desse har vore viktige for den daglege bruken av nynorsk i vår tid, seier Grepstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare 

Nynorske kvinnestemmer
Sjølv om skriftleg dialekt vert brukt i stadig større grad, mellom anna på grunn av sosiale medier, skriv dei færraste skjønnlitteratur på dialekt.

– Dialekt var mest brukt på 1800-talet. I prosent var debutantane på dialekt like få tidleg på 1900-talet som dei er i dag, forklarar direktøren i Nynorsk Kultursentrum.

Men talet på kvinnelege debutantar har gått opp sidan Ivar Aasens tid.

Lenge var det mennene som dominerte listene, men sett under eitt har kvar fjerde debutant vore kvinne.

I 1958 var det for første gong fleire kvinner enn menn som debuterte skjønnlitterært på nynorsk.

Dei siste 25 åra har like mange kvinner som menn gitt ut førsteboka si på nynorsk. 

LES OGSÅ: Låner faretruande lite nynorsk 

Treng ei nynorsk litteraturhistorie
Direktøren i Nynorsk kultursentrum ser på skriftet sitt som eit argument for å få skrive ei nynorsk litteraturhistorie.

– Ei slik historie bør dekkje både skjønnlitteratur og sakprosa og vil nok vise både likskapar og skilnader mellom bokmål og nynorsk som ingen veit om i dag. Her må mange vere med som har spesialkunnskap om ulike delar av feltet, avsluttar Ottar Grepstad.