Eg vil skine!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Eg vil skine!

Kvardagen til oss som skriv i avisa er prega av beinhardt slit, trasige rutinar, lunka kaffi og ikkje spesielt stilige skjorter. Men eit par gonger i året har vi sjansen til å skine. Ved to anledningar kvart år kan vi verkelig få vist kven vi er, kva vi er gode for, og kvifor det vi driv med er det viktigaste i heile verden. Den eine anledninga er når finansministeren legg fram forslaget sitt til statsbudsjett. Den andre anledninga er når vinnaren av Nobels fredspris blir kunngjort.

Det har vore ei tøff veke.

Noko av det vi som skriv i avisa lever for, er å tippe vinnaren av Nobels fredspris tjue sekund før alle andre får vite det av Thorbjørn Jagland. Viss vi klarer det, så kan vi å innbille oss sjølve at alle i heile verden er opptatte av oss i tjue sekund. Det er ikkje mykje, men tru meg: Det kan vere nok.

Som regel klarer vi ikkje å gjette rett vinnar, mellom anna fordi Jagland er ein sleiping som gjerne slenger med ein ekstravinnar ingen har høyrt om. Då nøyer vi oss i staden med å stille litt kritiske spørsmål om denne ekstravinnaren, før vi går tilbake til kontora våre for å google.

Vi vil så gjerne skine. Men vi endar med å google.

Den andre store testen for oss som skriv i avisa, er om vi klarer å forklare konsekvensane av statsbudsjettet på ein måte som vanlige folk forstår. Vi som skriv i avisa trur nemlig at vanlige folk forstår mykje mindre enn oss. Så viss ikkje vi klarer å forklare statsbudsjettet på ein måte som vanlige folk forstår, så er det ingen som forstår noko som helst.

Det er litt av eit ansvar vi har. 

Som regel klarer vi ikkje å forklare statsbudsjettet, og nøyer oss i staden med å fortelje folk at finansministeren stod tidlig opp, at ho har jobba lenge med budsjettet, at ho er fornøgd med budsjettet, og at dei andre partileiarane ikkje er så fornøgde med budsjettet. Og naturligvis stiller vi så mange spørsmål som mulig til finansministeren der vi samanliknar budsjettarbeidet med ein graviditet og framlegginga med ein fødsel. Og viss vi er skikkelig i slaget, samanliknar vi nok også budsjett-debatten med puberteten. Alt dette gjer vi medan vi smiler fårete.

Vi vil så gjerne skine. Men vi endar med å smile fårete.

Og det er ikkje lett å smile fårete. Det blir ikkje undervist i fårete smiling på journalisthøgskulen. Neidå, dette må vi klare sjølve. Men fårete smiling er trass alt lettare enn å forklare budsjettet på ein måte som vanlige folk forstår. Spesielt for oss som skriv i avisa, som i liten grad har kontakt med vanlige folk. Det du må gjere når du skal forklare budsjettet for vanlige folk, er å lage enkle reknestykke som viser sånt som at Anne frå Røros, som blei ufør etter ei arbeidsulykke, no får råd til ein tacomiddag mindre med barna i månaden.

Her er det mange feller å gå i. Det er viktig at eksemplet ein vel, er ein person som har eit vanlig namn som Anne, kjem frå ein vanlig plass som Røros, et vanlig mat som taco og har vanlige ting som uhell og barn.

Det blir for eksempel heilt feil om du skriv at Juwela Gerd frå Bærum har ein diffus muskelsjukdom, og med årets budsjett vil ho få råd til fire færre veganarmåltid til ilderen sin i månaden.

Men i år trur eg at eg har klart det. Faktisk. Fleire har hevda at årets budsjettforslag vil føre til pressedød. Dette er jo til ei forandring noko vi som skriv i avisa både kan og bryr oss om. Derfor, her er mitt forsøk på å forklare årets statsbudsjett på ein måte som vanlige folk forstår: Neste år, når finansministeren legg fram statsbudsjettet, vil det kanskje ikkje vere tolv journalistar som følgjer etter henne for å samanlikna budsjettarbeidet med ein graviditet og smile fårete. Kanskje vil det berre vere åtte-ti journalistar som gjer det. Og kanskje smiler dei ikkje fårete eingong.

Først publisert i Aftenposten 11. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her.