– Eg synest me burde kalle oss blaudisar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.06.2019 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei blaute konsonantane døyr ut

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

– Du skal ha blaudis? Det er den det.

Marit Paulsen på Dampbageriet i Kristiansand peikar på ei rad delikate stykke merkte med marsipankake. 24-åringen må medgje at ho måtte tenkje seg om to gonger då bestillinga kom, for blaudis har ho ikkje høyrt på evigheiter.

Kristiansandaren merkar at dei blaudekonsonantane er på hell, særleg blant dei som er yngre enn henne.

24-åringen har inntrykk av at folk over 25 framleis har blaude konsonantar, medan dei som veks opp no, ikkje har det.

– Eg synest det er veldig synd at dei forsvinn, for eg merkar sjølv at når eg er ute og reiser, så saknar eg sørlandsken, smiler ho.

– Men rægår seier me framleis, legg ho til.

Eit overflødig språktrekk
Dei siste femten åra har dei blaude konsonantane byrja å trekkje seg attende, særleg i Kristiansand og austover langs Skagerakkysten. Professor emeritus ved Universitetet i Agder, Martin Skjekkeland, viser til Sissel Kostøl si masteroppgåve frå 2002, der tilbakegangen for b, d, g-uttalen kom klart fram.

– Dei blaude konsonantane er på sett og vis eit overflødig språktrekk, som ikkje har nokon funksjon i å skilje ord frå kvarandre, seier Skjekkeland, som sjølv kjem frå Kvinesdal.

Likevel finst det unntak. Ei sørlandsk rude, er ikkje det same som ei rute. Førstnemnde handlar om vindaugsruter, medan det andre viser til ei bussrute.

LES OGSÅ: Kvifor held nokre bygder på dialektane og andre ikkje?

«Æ elskår de bløde»
Dialektutviklinga er noko sørlendingane har byrja å få auga opp for dei siste åra – ja, kanskje er me vitne til ei aldri så lita dialektvekking langs bibelbeltet.

Det heile byrja då universitetsbibliotekar Birgitte Kleivset var til stades på eit bygdearrangement i heimbygda Søgne. Ein av foredragshaldarane nemnde i ei bisetning at dei blaude konsonantane var i ferd med å forsvinne.

– Det var noko eg kjente igjen. Det er jo noko kjenslemessig i dette. Det har med historia til Sørlandet å gjere. Det er jo identiteten vår, seier Kleivset engasjert.

Etter føredraget la ho ut eit innlegg på Facebook der ho fortalde om dialektutviklinga og spurte etter kva ord det var snakk om. Responsen lét ikkje vente på seg. Alle orda som vart lista opp, vart utgangspunktet for ein blogg.

Seinare kom nettstaden blaudis.no og Facebook-støttegruppa «Æ ælskår de bløde/blaude konsonantane».

– Det er mykje humor i det, difor passar det godt i sosiale medium. Men eg trur òg at dette var noko folk hadde behov for å setje ord på, seier Kleivset.

Blaude konsonantar Foto: Facebook

Foto: Facebook-gruppa «Æ ælskår de bløde/blaude konsonantane»

Humoristisk prestisjeheving
I 2013 gav Kleivset ut Blaude konsonanter – 1000 sørlandske ord og uttrykk, saman med språkforskar Ingrid Kristine Haslund. I oktober i fjor kom Sørlandsk pegebog for dei minste, eit samarbeid med grafisk designar Kine Halland. Neste prosjekt er eit sørlandsk konversasjonsleksikon med nyord som nyhedsunnvigår og kjøbestopp.

– Kva er det med dei blaude konsonantane?

– Dei er jo ikkje harde. I staden for ein skarp p, kan det kome ein stemt b.

Kleivset nærast tørrspyttar ut den harde p-en, medan b-en er så blaud som du får han.

Ho tykkjer det er gøy å uttale dei blaude orda, som ho karakteriserer som litt «mjuke» og «slappe». Med prosjektet håpar ho å heve prestisjen til dialekttrekket som er karakteristisk for Sør- og Sørvestlandet.

– Grunnen til at folk legg om når dei kjem til Oslo, er jo ikkje at dei ikkje blir forstått. Alle forstår når eg seier kage i staden for kake. Men det er ikkje korrekt og kan oppfattast litt tafatt og einfaldig, nesten litt barnsleg, seier ho.

LES OGSÅ: NRK P3 kåra Noregs styggaste dialekt

Tilbakegang på 2000-talet
Regelen er at det blir overgang til blaut konsonant når p, teller k står etter ein vokal inni ordet. Desse ustemde konsonantane blir erstatta av ein stemt b, deller g. Helst skal konsonanten stå etter ein lang vokal, men det finst nokre unntak, som å sidde (sitte), kobber (kopper) og pebber (pepper).

På kontoret sitt på Universitetet i Agder har Skjekkeland rader av bøker om dialektar. Fleire av desse har han sjølv skrive.

Han viser kart over utbreiinga av dei blaude konsonantane. Området strekkjer seg frå den sørlegaste delen av Karmøy i vest til mellom Arendal og Tvedestrand i aust. Det er først og fremst i området frå Kristiansand og austover at bruken av dei blaude konsonantane går tilbake, men det skjer også på Karmøy. Også i midtre bygder på Agder er området med blaude konsonantar er i ferd med å krympe.

Ifølgje professor Martin Skjekkeland er det ikkje tvil om at dei blaude konsonantane i dag er i tilbakegang.

– Det kjem inn harde konsonantar der det etter regelen ikkje skulle vere. Undersøkingar viser at det nokså sterk tilbakegang frå 2005 og utover, forklarar dialekteksperten.

Han forklarar at dei blaude konsonantane først vert erstatta i samansette ord, og trekker fram døme som språkreise og motepress. Bortfallet av b, d, g skjer òg ofte først i slutten av orda, som i kjennskap, ut og tok.

Oda Sofie og Sofie blaudis

17-åringane Oda Sofie Pettersen og Sofie Sødal frå Søgne går på vidaregåande i Kristiansand og har ikkje merka at dei blaude konsonantane forsvinn.

Reisa over Skagerak
Ingen veit akkurat når dei blaude konsonantane kom til Noreg, men ifølgje ekspertane er det eit fenomen som må ha starta i Danmark midt på 1100-talet.

– Alt på 1200-talet ser ein nokre eksempel på blaude konsonantar i norske skriv, men det kan vere ein glipp der danske former kjem inn. Men på 1300-talet er det tydeleg at blaude konsonantar har tatt plass i kystmåla på Agder og i Rogaland, forklarer Skjekkeland.

Dei blaude konsonantane har med andre ord ikkje samanheng med det vi kallar «dansketida», som starta med reformasjonen i 1536 og varte heilt til 1814.

– Prosessen med overgang til blaude konsonantar etter vokal må ha slutta på eit tidspunkt, truleg tidleg på 1700-talet. Vi har nemleg ein del ord som ikkje har fått blaude konsonantar. Det heiter til dømes å pruta, å prata, staut, ein døyt, og ei skøyta, forklarar Skjekkeland.

Dette er ord som me har lånt frå hollandsk etter at mekanismen med overgang til blaude konsonantar hadde slutta å verke.

Folk som skal imitere sørlendingar, kan difor slite med å skjøne når det skal vere blaude konsonantar.

– Ord med blaude konsonantar må nesten lærast ord for ord, det er ikkje noko automatikk, difor kan det vere vanskeleg å vete kva ord som skal ha blaude konsonantar, konkluderer Skjekkeland.

Han understrekar at langt i frå alle dialekttrekka i sør er på veg bort, sjølv om tendensen er at unge normerer språket sitt, og legg bort dei mest markerte særdraga.

Kjøddhaue blaudis

Birgitte Koppemager sine design sel som «hakka møkk» på Berge Libris.

Koppemager Birgitte
I tillegg til å vera bibliotekar og forfattar, er Birgitte Kleivset koppemager.

På Berge Libris kan dei melde om at koppane med sørlandske kraftuttrykk sel som «hakka møkk».

Kristiansandar Kirsti Myrvold Høland er oppteken med vareoppteljinga denne januardagen.

– Eg ser på borna mine at dei snakkar mykje penare. Samstundes har eg ein 10-åring som er veldig medviten. Og no er det mange i aldersgruppa 20+ som synest at desse koppane er veldig gøye, smiler 40-åringen.

Ho viser fram rader av koppar med uttrykk som «ronse», «Æ <3 blaudis» og sørlandske kraftuttrykk. Du har kanskje høyrt om sørlendingen som «blei så sint at æ nesten sa de te han»? Her seier bestemorkoppane «kjøddhue» og «rauhol».

– Eg trur ikkje det er mange som seier det lenger, men det er jo gøy, smiler Høland.

LES OGSÅ: I Hallingdal reiser borna til seters for å læra dialekt

– Lite å gjere med det
På Universitetet i Agder er ikkje Skjekkeland i tvil om at det er meir stoltheit rundt dialektane i sør no enn før.

– Men den bevisstheita har ikkje nådd det å bevare dei blaude konsonantane, slår han fast.

– Kva synest du om at dei blaude konsonantane forsvinn, Skjekkeland?

– Det har skjedd så mykje språkendringar opp gjennom språkhistoria. Det er berre ting som skjer, og som ein må godta. Det er lite å gjere med det. Ein kan synast det er synd, men slik er det. Eg som er oppteken av språk og identitet, synest likevel det er litt merkeleg at ikkje dei unge held fast på sitt sørlandske identitetsmerke – dei blaude konsonantane. Overgangen til p, t, k skjer nok ofte ganske ubevisst. Det er ei forenkling i språket som skjer, etter mønster frå det ein kan kalle «fellesnorske former» eller «normalnorsk» – i hermeteikn.

Statusmangel 
Koppemager Kleivset trur at tilbakegangen til dei blaude konsonantane har samanheng med statusen til sørlandsk – eller mangel på denne.

– Det er mange frå min generasjon, som er fødde på 70-talet som har vore heime. Både me, mødrene våre og bestemødrene våre. Me har ein dialekt, og så merkar ein at han ikkje er god nok lenger. Ein kjem på barneskule og vidaregåande og vil kvitte seg med dialekten – og det første som går er dei blaude konsonantane, seier 44-åringen.

Ho trur likevel at den sørlandske stoltheita er på veg oppover – ikkje minst takka vere kronprinsesse Mette-Marit.

– Stereotypien om sørlending er først og fremst at det er ein mann, som er litt saktmodig og har innstillinga «tab og vinn med samme sinn». Så vårt prosjekt er kanskje litt å revitalisere sørlendingen, som kan vere ei høgt utdanna kvinne, kanskje opphavleg frå Afrika, men som brukar blaude konsonantar, seier Kleivset.

Harde Johannessen blaudis

Rådhusforvaltar Harde Johannessen tykkjer sørlandingane godt kunne vore litt stoltare.   

Då Krag dikta Sørlandet
På slutten av 1800-talet vart Agder-fylka rekna som ein del av Vestlandet. Det er Kristiansand-forfattar Vilhelm Krag som har fått æra for å ha innført omgrepet Sørlandet, som han føreslår som namn på landsdelen i ein artikkel i Morgenbladet 16. mars 1902.

Men det var Gabriel Scott, den andre store sørlandsdiktaren som skal ha definert grensene for Sørlandet. Grensa i aust trekte han ved Tvedestrand, der dei blaude konsonantane enda. Det har vore eit omdiskutert kriterium, sidan dei blaude konsonantane i vest strekkjer seg heilt opp til Karmøy.

På Rådhuset i Kristiansand held Harde Johannessen på å pakka ned jula. Rådhusforvaltaren har studert norsk og held på med ein biografi om Gabriel Scott på si.

Han er ikkje overraska over den harde dialektutviklinga i sør.  

– Dei blaude konsonantane har ikkje så høg status. Det gjev eit litt utydeleg språk, medan ein kjem lettare fram med saka si og vert lettare forstått om ein har harde konsonantar, trur Johannessen.

– Kva forhold har sørlendingane til dialekten sin?

– Eg trur kanskje ikkje dei er så veldig stolte av dialekten. Me klarar omtrent ikkje få nokre politikarar på Stortinget, ler 51-åringen, og legg til med litt meir alvor:

– Så det ligg nok litt i oss at me er litt i bakevja. Eg trur me har litt for dårleg sjølvbilete.

Ivar Aasen-hets
Birgitte Kleivset slår fast at kampen for dei blaude konsonantane er eit prosjekt som er dømt til å tabe.

– Grunnen til det er at dei er så unorske. Utover 1800-talet, då ein skulle bli nasjonen Noreg var jo dei blaude konsonantane det første som måtte gå. Det meinte både Ivar Aasen og Knud Knudsen.

Nynorskfaderen Ivar Aasen var ikkje nokon tilhengjar av sørlandsk. Kleivset siterer Aasen, som etter å ha vitja heimbygda hennar Søgne skreiv at at kystspråget i sør dessverre var «raskt og meget blødt» og at «konsonanterne udtales på den letteste eller simpleste Maade».

Dei ivrigaste motstandarane mot 1907-reforma var ikkje overraskande frå Sørlandet, Men dei tapte, og slik vart dei blaude konsonantane b, d, g, erstatta av dei harde konsonantane p, t, kkage vart kake, og fleire sørlandske viger vart til viker.

– Det var faktisk mange som endra etternamnet sitt til det norske, for det var det som hadde status. På Sørlandet i dag er annakvar vig med g og annakvar vik er med k – og alle seier det med k, konkluderer Kleivset.

Eksportert udepils
– Eg tenkjer somme tider at me på Sørlandet burde kalle oss blaudisar, slik folk i Stavanger har siddis. Me kan kalle oss blaudisar fordi me er opptekne av blaude konsonantar og koselege ting, ler blaudisforkjempar Kleivset.

Ho meiner at dei blaude konsonantane er ei verdifull eksportvare for Sørlandet.

– Ein kjem ned på brygga og tar seg ein udepils, medan ein ser på bådane som køyrer forbi. Æ ska ut i båden er forbunde med noko veldig kos, noko veldig standard sørlandsk, avsluttar ho.

Faktaboks

Bløde/blaude konsonantar

Dei stemte (blaute) konsonantane b, d, g  erstattar dei ustemte (harde) konsonantane p, t, k

Området med blaute konsonantar vert gjerne kalla «den blaute kyststripa» og strekkjer seg frå mellom Arendal og Tvedestrand i aust til midt på Karmøy i vest

Fenomenet kom truleg til dei sørlegaste delane i Noreg og Sverige frå Danmark på 1300-talet, altså før dansketida.

På eitt tidspunkt slutta dei blaute konsonantane å virke, slik at nye lånord ikkje fekk blaut konsonant

Kjelde: SNL