Tema: bibliotek, Bok

E-bøker til fleire folkebibliotek

Kulturrådet utvidar prøveprosjektet for innkjøp av e-bøker til folkebiblioteka.

NPK-NTB-Trine Andersen
torsdag 8. mars 2012 10.41

E-bøker til fleire folkebibliotek Bergen Offentlege Bibliotek er eit av dei nye biblioteka omfatta av innkjøpsordninga for E-bøker. Bilete: Bergen Offentlige Bibliotek/Flickr/CC-lisens.

Troms fylkesbibliotek, Akershus fylkesbibliotek, Bergen offentlege bibliotek og Trondheim folkebibliotek kjem no med i prøveprosjektet. Frå før omfattar det Ryfylkebiblioteka, Buskerud fylkesbiblioteks e-bokprosjekt og Deichmanske bibliotek i Oslo.

Men at fleire bibliotek kjem med i ordninga, betyr ikkje at lånarane ved desse biblioteka umiddelbart får låne e-bøker. Først må det tekniske på plass.

– Biblioteka har sjølv ansvar for å skaffe dei tekniske systema for utlån, så i praksis kjem dei fleste nok først i gang for alvor til hausten, seier seniorrådgivar Arne Vestbø i Kulturrådet til NTB.

Halvparten e-bøker
Prøveprosjektet blei innført frå nyttår. Då kom e-bøker med i innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne. Av dei 1.000 eksemplara som blir kjøpt inn av ein tittel under innkjøpsordninga, vil 970 vere papirbøker og 30 e-bøker. Prøveordninga varer førebels ut juni neste år.

Av dei tre som kom med i prøveordninga i første omgang, er det berre Buskerud fylkesbibliotek som er i gang med utlån av e-bøker. Dei har vore med i eit pionerprosjekt og har kunna tilby utlån av e-bøker og lesebrett ved tre folkebibliotek sidan 2009. Men utvalet har vore lite og bøkene gamle. At dei no får e-bøker via innkjøpsordninga betyr at dei også kan tilby nye titlar som e-bøker.

– Forlaga må melde inn til oss kva for titlar som skal med i innkjøpsordninga, og for første halvår 2012 er litt under halvparten av nye titlar meldt inn både som e-bok og papirbok. Det vil seie at e-bokkatalogen i vår vil utgjere rundt 115 titlar, seier Vestbø.

Han håper at prøveordninga vil vere med å stimulere forlaga til å gi ut nye titlar også som e-bøker.

Ventetid
Når dei tekniske ordningane er på plass, vil lånarane kunne ta ned e-bøkene på dei fleste plattformer. Lånetida vil bli som i dag, og filene som blir tatt ned blir sletta etter at lånetida er over. Biblioteka får eit avgrensa tal på lisensar av kvar ny tittel, så det kan oppstå ventetid for dei mest populære titlane, akkurat som med papirbøker.

– Fylkesbiblioteka som no kjem med i prøveordninga kan sjølv bestemme kva for folkebibliotek innan sitt fylke som skal få e-bøkene. Men dei signala vi har fått tyder på at dei aller fleste vil vere med, seier Vestbø.

Buskerud fylkesbibliotek har i sitt e-bokprosjekt brukt ein utlånsportal utvikla av Cappelen Damm. Ryfylkebiblioteka, som er ei samanslutning av dei seks folkebiblioteka i Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda kommunar, har valt Biblioteksentralens digitale løysing BS weblån.

Må fungere
Bibliotekfagleg direktør Kjartan Vevle i Biblioteksentralen opplyste nyleg til NTB at han håpa BS weblån ville vere klar før sommaren. Bibliotekdirektøren seier at han håper at alle folkebibliotek etter kvart vil slutte seg til løysinga til Biblioteksentralen.

Arne Vestbø seier at han gjerne skulle ha sett at e-bokprosjektet kom i gang så raskt som mogleg, men at det samtidig er viktig å ta seg tid.

– Vi skjønar at biblioteka må bruke litt tid på å velje system. Det er også viktig at vi ikkje får system som fungerer halvvegs. Her er det snakk om ganske mange hundre tusen potensielle lånarar, så det er viktig at systema fungerer når dei blir lanserte. Ved å vente til hausten vil biblioteka også med ein gong dei kjem i gang kunne tilby eit utval bøker frå vårkatalogen, seier Arne Vestbø. (©NPK)
 


Oppdatert: torsdag 8. mars 2012 10.41
Kommentarar 0

 
ANNONSE: