Djupdykkar i tungtvatnet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før jul fekk pressa sjå dei to første episodane i premiereklare «Kampen om tungtvatnet». Det er kjappe sceneskift, storslegen norsk natur og skodespelarar frå heile Europa i sving. Prosjektredaktør i NRK, Tone C. Rønning, meiner serien har internasjonalt kaliber.

– Budsjettet er på 75 millionar kroner. Men mange som har sett resultatet lurer på korleis dette var mogleg å få til under 150 millionar kroner, seier ho til NTB. Ho meiner produsent John M. Jacobsen har mykje av æra for at prosjektet har blitt ein realitet. Ho meiner også regissør Per-Olav Sørensen har gjort god bruk av kvar krone.

Regissøren sjølv karakteriserer serien som eit draumeprosjekt:

– Då eg las manuset, likte eg ambisjonsnivået. Det er kappløpet mot atombomba vi snakkar om. Vidare speglar vi hendingane frå både tysk, britisk og norsk side. Snøkledde vidder, tyske gater, forhøyrsrom og laboratorium. Vi gjev deg alt, smiler han til NTB.

LES OGSÅ: Kulturhistoria på fem minutt

Ikkje klok på han
Det er eit rikt persongalleri i serien, men tre hovudkarakterar. Dennis Storhøi spelar Hydro-direktør Bjørn Henriksen, medan Espen Klouman Høiner spelar Leif Tronstad; mannen som var med på å byggja anlegget på Vemork, for sidan å bli den viktigaste brikka til britane i planlegginga av sabotasjeaksjonar i Noreg. Christoph Bach spelar den tyske fysikaren og nobelprisvinnaren Werner Heisenberg, som leidde arbeidet til tyskarane med å utvikla atomenergi.

– Vi har hatt stor respekt for dei verkelege hendingane, og vi er tett på det som faktisk skjedde. Særleg i sabotasjeaksjonane har vi omtrent gått i hælane på dei verkelege sabotørane mot Vemork, seier Sørensen.

Tungtvatnet1

Espen Klouman-Hiner og Anna Friel spelar Tronstad og Smith. Foto: Filmkameratene AS / Jiri Hanzl

Karakteren Werner Heisenberg ser han som noko av det mest spennande å arbeida med. Nyleg oppdaga brev mellom fysikaren og kona hans, har gjort det mogleg for serien å kunna kasta nytt lys over den kontroversielle vitskapsmannen.

– Uansett kor mykje research ein gjer, så blir ein jo ikkje klok på kven han var. Det finst så mange ulike biografiar. Men vi har laga ein versjon eg er svært glad for. Christoph Bach var rett mann for rolla. Han klarar å skildra denne supersmarte, sofistikerte og arrogante mannen – slik at vi verkeleg trur på han.

LES OGSÅ: Det største norske sviket

Unik moglegheit

Heisenberg-rolla baud på utfordringar, stadfestar Bach, som seier brevfunna og lydopptak gjort på 50-talet var avgjerande for rolletolkinga hans.

– Men det er som Sørensen seier. Det er sagt og skrive så mykje at du på eit punkt berre må arbeida intuitivt med rolla. Med historiske karakterar er det jo slik, og her var det rett og slett heilt umogleg å finna sanninga.

Den tyske skodespelaren rosar den norske regissøren for måten å skapa serien på.

– Mange av skodespelarane gjorde ein stor research-innsats på karakteren sin. Sørensen var heile tida lydhøyr og open, og undervegs tilførte dette mykje farge og djupne, seier Bach.

Det siste spørsmålet går til regissøren.

– Kvifor skal vi sjå «Kampen om tungtvatnet»?

– Fordi dei etiske dilemmaa desse personane blir stilt overfor er interessante nok i seg sjølv. Eg trur dei fleste vil sitja og lura på korleis dei sjølv ville reagert i liknande situasjonar. I tillegg byr serien på eit uhyre spennande hending og eit unik høve til å skaffa seg eit innblikk i det som faktisk skjedde.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Faktaboks

Fakta om «Kampen om tungtvatnet»

* Norsk dramaserie i seks deler.

* I hovudrollene: Dennis Storhøi (Hydro-direktør Bjørn Henriksen), Espen Klouman Høiner (Leif Tronstad) og Christoph Bach (nobelprisvinnaren Werner Heisenberg).

* Andre skodespelarar: Anna Friel, Maibritt Saerens, Pip Torrens, David Zimmerschied, Benjamin Helstad, Christian Rubeck, Tobias Santelmann, Corey Johnson og Frank Kjosås.

* Regissør: Per Olav Sørensen

* Manus: Petter Rosenlund

* Produsent: John M. Jacobsen, Sveinung Golimo, Morten Fisker

* Produsert av: Filmkameratene AS, NRK, Headline Ltd, Sebasto Film & TV

* Prosjektleiar i NRK: Tone C. Rønning

* Premiere: 4. januar, NRK1 kl. 20:55 (episode 1 og 2)