Byter frå melk til mjølk
Tine høyrer på bøndene og skal frå juni av bruka nynorsk på mjølkekartongane – i alle fall fram til jul.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar har blitt presentert på nynorsk, sjølv om alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar.
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, kalla det ein stor reklametabbe, og fleire har engasjert seg. Mellom elevrådsleiaren ved Stord vidaregåande skule, Morten Habbestad. Han skreiv brev til Tine, og lurte på kvifor ikkje mjølka blir levert på nynorsk.
– Mjølk smakar betre
No har Tine svara Habbestad at dei snur. Frå juni vil all mjølk på Vestlandet, bortsett frå h-mjølka, bli marknadsført på nynorske kartongar.
– Eg tykkjer det er svært bra at det vert til mjølk. Dette viser at store bedrifter også byrjar å tenkja nytt og byrjar å tenkja nynorsk. Dette ser eg på som eit bra teikn, seier Habbestad til Framtida.no, før han legg til:
– Mjølk smakar mykje betre enn melk.
LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk
Høyrer på bøndene
Olav Håland, kommunikasjonssjef ved TINE Sør og TINE Vest, har fått med seg engasjementet om målforma på mjølkekartongane.
– Me har skjøna at mange, også bønder, har ynskt nynorsk på mjølkekartongane. Så då tenkte me at når me no skal ha nye kartongar, så ville me spørja bøndene sjølv, seier han til Framtida.no.
Mjølkebøndene som er valt ut på Vestlandet, har sjølv valt å ha nynorsk på alle mjølkekartongane, bortsett frå på h-mjølka.
– Det viktigaste for oss har vore å ha god kontakt med bøndene som leverer mjølka vår, seier Håland.
Akkurat kva tid i juni kartongane blir skifta ut, kjem an på kva tid lageret av bokmålskartongar går tomt.