Buss dyrast i Sør-Trøndelag

Svære forskjellar i prisen på ungdomskort.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Buss dyrast i Sør- Trøndelag

I Oppland, Hedmark og Troms kan du ta bussen så mykje du vil for 200 kroner i ein månad om du er under 20 år. Det er billeggast i Noreg.

I Sør-Trøndelag er prisen for ungdomskort i heile fylket 750 kroner.

– Dette er langt over det vi meiner er akseptabelt. Dette er dyrast i landet. Periodekort for berre Trondheim kostar 410 kroner, og det er langt dyrare enn i fleire andre fylke, seier Ørjan Strømmen, leiar av Ungdommens Fylkesutvalg i Sør-Trøndelag.

– Ungdomskort er ei hjartesak for UFU i Sør-Trøndelag, og vi har jobba i 5 år no for at dette skal bli billegare, men fylket tar diverre ikkje kollektivtransporten seriøst, legg han til.

Leiar i Samferdslekomiteen i Sør-Trøndelag, Ola Huke, kan ikkje lova billeggare ungdomskort i heile fylket.

– Me tek kollektivtransport seriøst, men me går med dundrande underskot for kollektivtrafikken, og må ta omsyn til dette, seier han. Huke varslar likevel at sona rundt Trondheim blir utvida mot Klæbu og Melhus – noko som vil gjera det billeggare for ungdommane derifrå.

Bør læra seg å køyra kollektivt
Strømmen meiner det er viktig at ungdom lærer seg å reise kollektivt i tidleg alder slik at dei også nyttar bussen når dei skal reisa i framtida.

– Eit billeggare kollektivkort er eit stort steg i rett retning. Og det er trist at ungdomskortet skal koma i andre rekkje grunna økonomi, held han fram.

Barnebillett for 19-åringar?
Finnmark er det einaste fylket i landet utan ungdomskort. David Karlsen ved Samferdselsavdelinga seier at dei no vurderer å setja opp aldersgrensa for vaksenbillett frå 16 til 20 år.

– Saka vil koma opp til handsaming i løpet av hausten, seier han.

Ungdommens nasjonalforsamling vedtok tysdag å kjempa for barnebillett for alle opp til 18 år.
 

Så mykje kostar det med ungdomskort:

200 kroner
Oppland
Hedmark
Troms

240 kroner
Vestfold

295 kroner
Hordaland

300 kroner
Buskerud
Rogaland (t.o.m. 21 år)
Nord-Trøndelag

310 kroner
Aust-Agder (inkl. Kristiansand)

325 kroner

Østfold (opp til 25 år)

350 kroner
Sogn og Fjordane
Telemark

360 kroner
Vest-Agder

400 kroner
Nordland
Oslo/Akerhus

420 kroner
Møre og Romsdal

460 kroner
For begge Agderfylka

750 kroner
Sør-Trøndelag