Blir det slik i natt?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For mange er nordlyset, Aurora Borealis, noko mange tenkjer på som eit arktisk fenomen, knytt til mørketid og kulde, men til kvelden kan også sunnmøringane få seg ein godbit i haustnatta.

– Nordlyset er som namnet tyder på, knytt særleg til polområda. Det er hyppigast førekomstar av det i eit belte rundt den magnetiske pol i ein avstand på om lag 2500 kilometer frå den, skriv Truls Lynne Hansen på nettsidene til Tromsø Geofysiske Observatorium.

Trudde du nordlyset var spesielt uvanleg? Lynne Hansen forklarer at i Troms og Finnmark vil ein ofte kunne sjå nordlys om lag annankvar klar natt, medan det i sydlegare delar av Norge kan vere synleg nokre gongar i månaden. Faktisk vil det i spesielle tilfelle kunne vere synleg så langt sør som til Middelhavet.

Nordlyset blir ofte oppfatta som noko som går føre seg berre om vinteren, men skal vi tru Tromsø Geofysiske Observatorium kan det like gjerne vere nordlys heile året.

– Vi kan berre ikkje sjå det i dei lyse nettene, himmelen må vere nokolunde mørk, slår Truls Lynne Hansen fast.

Kvifor blir det nordlys?

Det er tilhøve på sola som avgjer om det blir nordlys eller ikkje. Ved stor solaktivitet strøymer partiklar ut frå sola og vert fanga opp av magnetfeltet til jorda. Ifølgje Tromsø Geofysiske Observatorium er det når desse elektriske partiklane kolliderer med dei øvre laga av atmosfæren at nordlyset oppstår.

– Gassen vil då lyse. Det liknar litt på det som skjer i eit lysstoffrør, kan ein lese på observatoriet sine nettsider. Den grøne eller gulgrøne fargen som ein vanlegvis ser i samband med nordlys kjem frå oksygen. Det same gjer den raude fargen i nordlyset, men då har det også kome til nitrogen. Det er nitrogenet som fører til fiolett eller blått i nordlyset.

Den siste tida har det vore kraftige utbrot på sola, og det er desse utbrota som fører til at sjansane for å sjå nordlys på våre kantar aukar ein heil del.

Dersom du skulle ville ut for å sjå etter nordlyset, så vil det ofte vere lurt å reise eit stykke vekk frå sterke lyskjelder og vekk frå bymiljø eller tettbygde strok, slik at det blir minst mogeleg lysforureining. Det viktigaste er likevel at det er klarvêr, og i så måte ser det lovande ut fredag kveld. På Yr.no melder meteorologane om klart vêr til rundt midnatt, medan det kan dukke opp nokre skyer tidleg natt til laurdag.

For å finne ut om det er gode sjansar for å sjå nordlyset så har det etter kvart dukka opp ei rekkje nettsider og app'ar som varslar om nordlys.

Storm har eit eige nordlysvarsel, og det same har Kjell Henriksen Observatoriet på Svalbard.

Ifølgje det Geofysiske Instituttet i Alaska er det store sjansar for å sjå nordlys i dag, fredag. Det er venta såpass kraftig nordlys at det kan vere synleg på nordhimmelen så langt sør som Edinburgh i Skotland, medan nordlyset bør vere svært godt synleg så langt sør som Bergen.

Les saka i Vikebladet!