Bed om godt språk i skulebøkene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Betre språk i skulebøker!

Landsstyret i Målungdommen vedtok i helga ei fråsegn om kvalitetssikring av lærebokspråket. Språket i lærebøkene har vorte for dårleg etter at godkjenningsordninga for læremiddel vart oppheva ved starten av tusenåret, meiner organisasjonen.

–  Nynorskelevane må sikrast god tilgang på godt språk, særleg i lærebøkene. Det kan til dømes gjerast ved å opprette ei merkeordning for språkleg kvalitet i læremiddel. Slik kan solid språk i læremidla bli eit konkurransefortrinn i forlagsmarknaden, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom Vebjørn Sture.

Han meiner det er viktig at elevane blir eksponert for korrekt språk om dei skal lære seg å skrive rett. Slik er det ikkje alltid. Sture peiker på at forlaga i stor grad held seg til bokmålsnære former i nynorskutgåvene, og at det ofte er mange språkfeil i bøkene.

–  Eitt av dei meir graverande døma såg vi for ei tid tilbake da sjetteklassingar ved Tokke skule i Telemark fann 76 språkfeil i norskverket sitt, fortel Sture.

Mens forlaga i dag må halde seg til den såkalla læreboknormalen i dei nynorske skulebøkene, får dei ei litt breiare norm når den nye nynorsknormalen tar til å gjelde frå hausten av. Målungdommen fryktar at språket kan bli enda dårlegera, ettersom «alle retningslinjer for korleis språket i lærebøkene skal sjå ut» forsvinn.

– På same måten som svanemerket og nøkkelholsmerket sikrar at forbrukarane lettare kan velje miljøvenlege og sunne produkt, kan det også opprettast ei tilsvarande merkeordning for læremiddel, som held eit godt språkleg nivå. På denne måten får desse læremidla eit kvalitetsstempel som både forlaga og forbrukarane kan tene på, seier Sture. (©NPK)

Les òg: Språkleg utvatning?