– Batteriferjer er eit kinderegg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av dei totalt 180 ferjene som kryssar norske fjordar, vil det løna seg å skifta ut 84 av ferjene til batteridrift og 43 ferjer til hybrid drift. Det er konklusjonen i ei fersk undersøking som Siemens har laga i samarbeid med Bellona.

LES SAKA: Batteriferjer knuser dieselferjer på lønsemd

– Tala må sjølvsagt kvalitetssikrast, men viss dette stemmer, så kan me fornya heile ferjeflåten og få fleire avgangar på ferjene, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).

– Det er berre til å koma i gang så fort som mogleg, seier han.

Vil leggja miljøføringar
Sjølv om batteriferjer viser seg å vera mest lønsame uansett, vil Nilsen likevel leggja føringar på miljø når ferjeanboda blir lagt ut.

Han legg til at fylkeskommunen held dialog med dei aktuelle ferjeselskapa slik at dei har høve til å levera dei ferjene fylket har bruk for.

Fylkesordføraren trur det kan vera utfordrande å få batteridrift på nokre av sambanda.

– Aller viktigast er regulariteten, at ferjene kjem og går når dei skal, understrekar han.

Gir sysselsetting
I Hordaland har fylkeskommunen ansvar for 17 ferjesamband. Dagens kontraktar går alle ut seinast 2018 og fleire strekningar skal snart ut på anbod.

Tysdag etterlyste Tekna-tillitsvald Terje Nordtun politikarar som satsar på å byggja utsleppsfrie batteriferjer som eit motsvar til nedgangen i oljenæringa.

– Det er klart det opnar seg eit vindauge no for å ta i bruk kapasiteten i marknaden til å byggja framtidsretta ferjer. Det er eit skikkeleg kinderegg, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og viser til at batteriferjer kan gi meir sysselsetting og mindre utslepp – og lågare driftskostnader.

Han seier han opplever at heile fylkestinget er samla om ei satsing på utsleppsfrie ferjer.

– Ferjene våre slepp ut like mykje CO2 som heile bussparken vår til saman. Å skifta ut ferjene vil vera eit betydeleg bidrag til å redusera norske klimautslepp.

Les også:Oljenedgang gir høve for grønt ferjeløft

Faktaboks

Innanlands ferjetrafikk slepp i dag ut kring 400.000 tonn CO2 i året. Dette utgjer nær éin prosent av alle utslepp frå Noreg.

Ein rapport frå Bellona og Siemens viser at av alle dei 180 ferjene som kryssar norske fjordar vil:
• 84 ferjer passa for heilelektrisk drift
• 43 ferjer passa for hybrid-teknologi
• Totalkostnaden er 3,5 milliard kroner (inkludert infrastruktur og ladeløysinger), men innsparinga vil bli 700 millionar pr år.
• Tiltaket vil redusera CO2-utsleppa med 300.000 tonn i året. Det tilsvarer utslepp frå 150.000 bilar.