Alfred skaper den framtida han vil ha

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordførar vil ikkje venta på verdsleiarar

 Ein må tore å stikke hovudet fram og byrje. Av og til dukkar sjansane opp, og då må ein gripe dei kjapt.

Alfred Bjørlo er ordførar på femte året i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Her er  går sentrum i stor grad på fornybar energi, rett frå fjorden. Ny grøn industri dukkar opp i gamle gruver i nærområdet. Ordføraren sjølv har gjort pensjonspengane i bygda grøne.

Miljøorganisasjonen ZERO kallar Eid ein klimaspydspiss.

Vestlandsbygda ventar nemleg ikkje på at verdas leiarar skal bli einige om ein klimaavtale. Dei berre begynner.

Den fornybare fjorden
– Som med alt anna går Eid føre på grunn av personar, seier Bjørlo.

Det heile byrja på sjukehuset i Nordfjord, der vaktmeistrane ville gjere noko med straumsluket ved det gamle sjukehuset. Fjorden er næraste nabo, og dei fekk ideen om å bruke varme frå fjordvatn til å lage energi. Ved hjelp av enkle prinsipp for varmeveksling la dei om energibruken på heile sjukehuset.

 Fjordvarmen har blitt ein dundrande suksess, som har spart seg sjølv inn mange gongar og som gav Eid ein boost i riktig retning, seier Bjørlo.

LES OGSÅ: Denne vinteren står framtida på spel

Kommunen kasta seg nemleg på. I dag har Eid eit fjordvarmeanlegg som varmar opp og kjølar ned både næring, bustader, kommunale bygg, vidaregåande skule og operahuset i sentrum.

Gjennom selskapa Fjordvarme AS og ReNorway vert teknologien for å utnytte energien i fjorden tilgjengeleg for andre stader.

 Fjordvarmeideen har skapt ei interesse i kommunen for å få ned energibruk i bygg. På Eid har det vore snakk om jordnære, praktiske tiltak på enkelte bygg, framføre forskingsrapportar og meir høgtsvevande ting, seier Venstre-ordføraren.

Fjordvarmen held fram med å få ringverknader. For tida vert nokre gamle gruver i nærområdet omgjort til datalager, der maskinene skal kjølast ned med fjordvatn. Vestlandssamfunnet posisjonerer seg dermed i ein marknad der energibruken så langt har vore både høg og fossil.

Dei grøne pengane
Det slutta ikkje der. Då Bjørlo vart ordførar i 2011, leita han etter andre område Eid kunne syne veg på.

Til liks med dei andre kommunane, har Eid pensjonsfond som er forvalta av Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Til skilnad frå andre kommunar har Eid ein ordførar som spurde KLP om det var mogleg å investere fellesskapen sine pengar i noko anna enn industri ein veit er ein trugsel mot den framtida pensjonen skulle rekkje til.

KLP svara at det var både etisk og økonomisk fornuftig å trekkje alle norske pensjonspengar ut av kol og inn i fornybar energi.

LES OGSÅ: Besteforeldre i klimatog til Paris

Kan ikkje sitje og vente
Nok eit døme på at ein ikkje kan sitje og vente, meiner Bjørlo.

 Vi har dårleg tid på å endre energisystema i verda frå fossilt til fornybart. Nokon må gå føre, og eg har stor tru på dei lokale initiativa, seier han.

Markus Frislid (17) er leiar i Changemaker på Eid. Han er ganske nøgd med at Eid trekk pensjonspengane ut av kolindustrien.

 Det er eit stort steg i riktig retning for at Noreg skal kutte utslepp. Vi kan likevel gjere fleire ting, til dømes å reise meir kollektivt eller ha ambisjon om at Eid skal bli ein sykkelby, seier han.

Frislid går 2. året på Eid vidaregåande skule. Gjennom Changemaker driv han opplysingsarbeid og lagar aksjonar. Han meiner det er forståeleg at ein kjenner seg som ei lita brikke i det store puslespelet. Men alle kan hjelpe, sjølv om det ein gjer er eit lite bidrag.

 Vi ser at klimaendringane byrjar å få konsekvensar for jorda vår. Til dømes er det fleire flommar i område der det ikkje var flom før og polane smeltar. Det er dumt å ikkje gjere noko når vi at vi er årsaka til at dette skjer, seier Frislid.

Risikosport
Det er ikkje berre lett å gå føre. Faren for at ein tapar pengar, eller risiko knytt til tiltak som er bra på lang sikt, men gir ekstra kostnader på kort sikt, kan vere avskrekkjande. Ordføraren i Eid ønskjer seg ein stat som backar opp store ord med vilje til å dele risikoen med kommunane.

 Vi vil til dømes gjerne lage landstraumsløysingar for hamna vår, slik at cruiseskip og andre kan bruke fornybar energi når dei ligg til kai, i staden for aggregata ombord som går på fossilt drivstoff. Staten har berre ordningar for prosjekt som er ferdig utarbeidd, ikkje ordningar for å få eit slikt prosjekt i gang, forklarar Bjørlo.

Han ønskjer seg også ordningar som gjer at kommunar kan tenkje heilt nytt om energiløysingar i bustadfelt eller bygder. Ved å dele risiko med staten, kan ein lettare innrette lokalsamfunna mot nullutslepp, meiner venstremannen.

Små og håplause, men med symbolsk kraft
Svenskekongen vil forby badekar, menmeiner ikke det er problematiskå ha fleire bilar – han bruker jo berre ein om gongen. Klimatiltak kan vere forvirrande saker og å kjenne seg liten i møte med klimaendringane er ikkje uvanleg.

Synnøve Berstad (16) er med i det nystarta lokallaget til Natur og Ungdom på Eid. Ho går førsteåret på elektro på Eid vgs.

Berstad skjønar godt at folk kan føle seg for små til å gjere noko.

 Eg som enkeltperson kan ikkje gjere så mykje, men når vi er fleire er det lettare. Difor har vi starta lokallag her, slik at vi kan prøve å gjere endringar, seier ho.


Synnøve Berstad er med i styret i det nystarta Natur og Ungdom-lokallaget på Eid.Og ordføraren på Eid har sjølv erfart at ein kan gjere større skilnad enn ein trur.

 Vi har mykje meir å seie enn vi tenkjer over. Ofte undervurderer vi kva det kan tyde at nokon syner kva som er mogleg, seier Bjørlo.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Han trur vi kan bli for fokuserte på å rekne ut kost og nytte ved alle tiltak. Det rettar merksemja mot tiltaka som er så store at dei gir ein openbar effekt. Den symbolske effekten av mindre tiltak kan også vere stor, meiner ordføraren.

 Mange små tiltak kan få stor effekt også, fordi det syner veg. Folk er ofte redde for å vere den første. Ved å gå føre gjer ein det lettare for andre folk og kommunar å gjere det same.

Bjørlo løftar fram elbilsatsinga som eit døme. Som politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet jobba han med å utvikle insentiv for å få folk over i elbil.

 Alle økonomane syns det var noko tull og tøys. Det er ikkje lett å rekne ut føremonen ved at elbilane får køyre i kollektivfeltet. Men nettopp det at dei første som gjorde noko miljøvenleg fekk køyre i kollektivfelta, var med å utløyse ein trend. No har vi den største elbilmarknaden i verda og vi har komt langt på nullutsleppsteknologi for transport.

Ei omstilling – men kor stor?
Medan nokre meiner teknologisk innovasjon er nok til å handtere klimaproblemet, meiner andre at vi treng omfattande systemendring. Meiningane om akkurat kor stort det grøne skiftet må vere, er delte.

 Eg trur ikkje vi treng å finne opp eit nytt økonomisk verdssystem. Det er korkje tid til eller naudsynt å vente på ein revolusjon. I staden trur eg veldig mykje er mogleg innanfor dagens system, seier Bjørlo.

Men:

 Då må vi ta innover oss at det ikkje er snakk om småflikking. Vi skal ikkje lage ein dieselmotor som er ti prosent meir effektiv. Vi skal leggje om frå fossil energi til 100 prosent fornybart på ganske kort tid.

LES OGSÅ:Den store klimabløffen

Bjørlos tilnærming er å leite etter løysingane som flyttar oss heilt vekk frå den fossile energien.

Det vil også innebere å forstå og akseptere at vi vil sjå at energien blir produsert, peikar Bjørlo på.

 Vindmøller, vasskraftverk og solceller er synlege, i motsetnad til olje, kol og gass som ligg godt gøymt under bakker og i sjø.

Bu, leve og reise på nye måtar
Ei slik omstilling vil vi merke. Det må vi tole, meiner Eid-ordføraren.

– Omstillinga krev at forureining kostar. Vi må tole at flyreiser på fossilt drivstoff vert dyrare. Vi må også tole å organisere bu- og levemåten vår slik at vi reduserer transportbehov, ved å byggje tettare kring transportaksar.

Framtidssamfunnet Bjørlo jobbar mot er eit tett og kompakt samfunn, der butikk og tenester ligg så nærme at vi kan gå og sykle. Mykje av energien vert produsert lokalt, og lokalsamfunna er sjølvforsynte også med andre ting vi treng. Vi har møter på nett og har kutta ned på flyreiser.


Operahuset Eid bruker lite energi og har moderne energiløysingar, inkludert fjordvarme.

Pengane brukar vi på kultur, mat og akitvitetar i nærmiljøet, i staden for på ting.  Det vil vere bra for både folk og miljø, trur Bjørlo.

 Eg håpar at vi har eit nullutsleppsamfunn også lokalt, der transport, hus og alt er retta inn mot dette. Eg kan ikkje sjå korleis omstillinga skal kunne vere negativ for oss, seier han.

Også Frislid i Changemaker håpar på eit samfunn der Noreg har langt lågare utslepp enn i dag.

 Eg håpar at klimasituasjonen er heilt annleis, at oljeindustrien er trappa kraftig ned og at det er fleire grøne jobbar enn i dag, seier han.

Berstad i Natur og Ungdom håpar på folkevekst og fleire  grøne jobbar. Ho jobbar for eit framtidssamfunn som framleis er grønt, utan at naturen er øydelagt av utbygging og avskoging.

 Også må vi forbruke mindre. Eg er veldig dårleg på det sjølv, men alle burde tenkje meir på om vi faktisk treng alle tinga vi kjøper, seier ho.

LES OGSÅ: «Vi må dyrkje den undersøkande og nysgjerrige eleven»

Faktaboks

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.