99 prosent braut mobbelova

Alle unntatt éin skule braut Opplæringslova. – Særs alvorleg, meiner Utdanningsforbundet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein fersk rapport frå fylkesmennene viser mange lovbrot når det gjeld det psykososiale miljøet på skulane. Rapporten omfattar tilsyn med 99 grunnskular i 47 kommunar i alle fylke. Den førebels rapporten avdekker 237 lovbrot på "mobbelova".

– Når elevane sine psykososiale miljø ikkje blir prioritert, avdekker dette alvorlege manglane i kommunane, seier leiar i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand til heimesidene til organisasjonen.

Planar på plass, men ikkje oppfølging
Dei fleste skulane har planar og rutinar for arbeid med det psykososiale miljøet. Rektorar og tilsette må bli flinkare til å setje dette ut i praksis, men òg til å gripa inn og stanse krenkjande åtferd i skulekvardagen, viser rapporten.

Mimi Bjerkestrand synest det er særs alvorleg at det er registrert brot på opplæringslova på 99 prosent av skulane: Det er ein trussel mot trivselen til elevane, som igjen er grunnlag for elevane si læring.

LES OGSÅ: 75.000 elevar blir mobba

– No forventar me at dei kommunane som har fått pålegg ryddar opp i dette raskt, fortset Bjerkestrand.

Det er flest pålegg i Nordland, Vest-Agder, Vestfold, Telemark og i Oslo/Akershus, og færrast i Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Rogaland og Nord-Trøndelag.

Korleis meiner du skulane best kan førebyggja mot mobbing?