Yamal (16) er tidenes yngste EM-spelar

Det spanske stjerneskotet vart historisk då han storspelte i landets første EM-kamp.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Laurdag vart Lamine Yamal historisk. 16-åringen var med i den spanske troppen frå kampstart, og vart med det tidenes yngste fotballspelar i eit europameisterskap for menn.

– Det er så sjukt å vere ein berebjelke i det spanske landslaget som 16-åring. Martin Ødegaard debuterte kanskje for det norske landslaget då han var 15 år, men Yamal er lysår føre! Det at dei tør å spele med ein 16-åring frå start er berre heilt ekstremt, sa tidlegare fotballspelar og fotballekspert for TV 2 Erik Thorstvedt i EM-studio, skriv Nettavisen.

Kjempesjanse

Høgrevingen, som til dagleg spelar for FC Barcelona, sette sitt preg på kampen mot Kroatia, som enda 3-0 til Spania.

Han serverte mellom anna ei målgjevande pasning til veteranen Dani Carvajal (32), som scora.

Om lag 50 minutt ut i kampen hadde Yamal sjølv ein kjempesjanse på mål.

– Yamal! 16 år! Han har ikkje fått eksamenssvaret sitt eingong. Heilt ufatteleg, skriv tidlegare Manchester United-spelar Rio Ferdinand på X, ifølgje VG.

16 år og 338 dagar

Lamine Yamal var 16 år og 338 dagar då han hadde meisterskapsdebuten sin. Han tok over rekorden som yngste spelar frå polske Kacper Kozłowskis, som i 2021 var 17 år og 246 dagar då han fekk rekorden.

16-åringen frå Spania kan ta fleire rekordar. Dersom «Barca»-stjerna greier å sette ballen i nettet i løpet av meisterskapet, blir han EMs yngste målscorar nokosinne.