Sjå video og bilete av dei nyfødde løveungane i Dyreparken

Natt til 18. mai vart det fødd løveungar i Dyreparken. Alt ser ut til å gå fint med mor og tre ungar. Mammaen Kira passar godt på ungane og gir dei mjølk. Den første tida søv dei mykje og treng ro.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

Denne saka vart først publisert av systeravisa vår, Framtida Junior.

– Natt til laurdag vart det fødd fire løveungar. Éin overlevde dessverre ikkje, men dei andre tre er friske og aktive. Kira er roleg, men på vakt, og passar godt på dei tre små som ho diar. No er det viktig at alle fire får mest mogleg ro, slik at mora får tatt seg av ungane på best mogleg måte. Derfor har me stengt Løvehuset for gjester inntil vidare, seier ein fornøgd dyrepassar Olav Åsland i ei pressemelding.

Det er Dyreparkens hannløve Mufasa og løvinne Kira som er foreldre til dei tre små.

Begge kom til Dyreparken våren 2022 etter ei tilråding frå bevaringsprogrammet dei er ein del av.

Løveparet er begge fem år gamle, og starten på ein ny løveflokk i Dyreparken.

Mistenkte løveungar

Det er ikkje første gongen Mufasa og Kira får ungar. Hausten 2022 vart flokken utvida med fire ungar, ei ho og tre hannar, som framleis er å sjå i løveinnhegninga i Dyreparken.

– Denne gongen oppdaga me ikkje sjølve paringa, men vart mistenksame då Mufasa viste dominans overfor Kira i slutten av januar og midten av februar. Etter denne perioden viste ho ingen nye teikn til brunst, og auka i vekt. Me har gjennomført to rundar med røntgenbilete i starten av mai, men desse kunne ikkje stadfesta drektigheit. Kira heldt fram med å auka i vekt, og mistanken vart styrkt. Derfor vart ho halde inne og gitt mest mogleg ro rundt tida før fødsel, kan veterinær Rolf-Arne Ølberg stadfesta.

Fødselen er viktig fordi løvene er ein del av eit internasjonalt bevaringsprogram i dyreparkorganisasjonen EAZA (European Association of Zoos and Aquaria).

Programmet har som mål å halda ein sunn bestand med løver i dyreparkar, som ein reserve for framtida.

Første gong Dyreparken fekk løveungar var i 2008.

Flokkdyr

Løva er dei einaste kattedyret som lever i flokk. Ein flokk kan innehalda alt frå to til 40 dyr. Løvene liker seg på stader kvar mattilgangen er god.

Det kan vera savanne, steppelandskap, halvørken, eller andre stader der det er sebra, gnu og andre byttedyr. Løver et alt han kan fanga og drepa. Viktige byttedyr er gnu, impala, antiloper, bøflar, villhundar, sjiraffar og sebraer.

Løvene får frå 1 til 6 ungar (normalt 2-3) etter at dei går drektige 3,5 månader. Ungane veg 1-2 kg ved fødselen, og opnar auga etter ca. 11 dagar.

Når ungane er to veker byrjar dei å gå rundt, og når dei er ein månad gamle løpar dei.

Løvene er sårbare på IUCNs raudliste. Hovudtrusselen er tap av leveområde, mangel på byttedyr og jakt.

Derfor er løvene er ein del av eit bevaringsprogram, og målet for programmet er å ha ein sunn bestand av løver i dyreparkane i verda som ein reserve for framtida.