Forfattardebutanten har kjøpt nytt nattbord for å få plass til fleire bøker.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 29.04.2024 10:04

– Eg les det sambuaren min kallar «deprimerande bøker». Eg kallar det god litteratur!

Nyleg gav Ingvill Kjærstein ut sin første roman, Austvestpassasjen. Her kan du lese kva Framtida.no sin meldar meiner om boka!

Ho jobbar elles som omsetjar og redaktør i det feministiske magasinet Fett, og har studert japansk.

Vi har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren, som sjølv er svært glad i å lese magisk realisme.

Fakta

Alder: 30

Frå: Sykkylven

Utdanning: Bachelorgrad i japansk språk frå Universitetet i Bergen, mastergrad i litteratur frå Osaka Universitet og to år ved Forfatterstudiet i Tromsø

Yrke: Redaktør i Tidsskriftet Fett og omsetjar

 

– Tema eg er interessert i å lese om er geografi, forflytning og språk, og eg les ofte om einsame kvinner og rasande kvinner. Og så har eg ein kjærleik for det sære og ekle, skriv forfattaren i ein e-post til Framtida.no.

Kjærstein avslører at ho stort sett alltid har ei bok i veska når ho går ut av huset.

– Eg les stort sett mellom 30 og 50 bøker i året. I fjor las eg nok det meste eg har gjort på eit år, 55 bøker. 

Nytt nattbord

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Some Prefer Nettles av Jun’ichiro Tanizaki og Enter Ghost av Isabella Hammad. Den første for «business» (lesesirkel), den andre for «pleasure». I tillegg til desse to som eg held på å lese no, ligg det 23 andre bøker i hyllene på nattbordet. Eg kjøpte dette nye nattbordet i fjor fordi det gamle var så lite, og det fylte seg raskt opp med bøker.

– Kor les du?

– På sofaen med katten liggande på brystet. Men ho får ofte overtenning og prøver å stikke hovudet over eller under boka så eg heller skal klappe ho enn å lese, så det er ikkje berre enkelt. Ho siklar på alle bøkene. 

Gøymde vekk Snorre

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Faren min las mykje for meg i oppveksten. Det gjekk mykje i det typiske, Harry Potter og Astrid Lindgren og så vidare, men han gjorde også eit forsøk på å lese ein barneversjon av Snorres kongesagaer for meg (Snorre — fortellinger fra Snorres kongesagaer). Då gøymde eg boka og let som om eg ikkje visste kor ho hadde blitt av. Eg må ha gøymt ho godt, for sidan har eg faktisk ikkje sett ho.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg skreiv særemne om I Capture The Castle av Dodie Smith, forfattaren av 101 dalmatinere. Boka handlar om ei tenåringsjente som veks opp i eit forfallent slott med ein dysfunksjonell familie. Første setning er så ikonisk: «I write this sitting in the kitchen sink.» Eg har ikkje lese boka sidan den gong, men eg hugsar det som ei morsom og tidvis melankolsk oppvekstskildring.

Bokomslag «Austvestpassasjen»

Kjærstein er sjølv aktuell med boka «Austvestpassasjen». Omslag: Samlaget

Kattunge-djevel og japansk kolonialisme

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive? 

– Lolly Willowes av Sylvia Townsend Warner. Ei kjedelig middelaldrande tante på 1920-talet i England bestemmer seg brått for å flytte ut på landsbygda mot familiens protestar (dei vil ho skal vere barnepassar). Der møter ho djevelen i form av ein kattunge, og når katten klorer ho, inngår dei ei blodpakt og ho blir innlemma i heksefellesskapet i bygda. Og så dansar ho natta gjennom med vakre menn og kvinner i skogen og har det veldig kjekt. 

Kjærstein synest det er ei vakker bok om fridom, vondskap og samfunnskonvensjonar, som er utruleg morosam og forut for si tid.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Dictee av Theresa Hak Kyung Cha. Det er ei heilt spesiell bok som er vanskeleg å definere, men ho blandar mange ulike språk og typar tekst og bilete for å skildre mellom anna kvinners kamp mot undertrykking opp gjennom historia, og effekten av japansk kolonialisme på det koreanske folket.

– Kva meiner du gjer ei bok god? 

– For meg er det noko med flyten og tonen i teksten som må fenge. Eg opplevde det nyleg då eg las Maud Martha av Gwendolyn Brooks. Der er det eit lite kapittel der hovudkarakteren fangar ei mus og slepp ho ut av huset heller enn å drepe musa. Ho er så snill, står det. Det er noko med livsenergien som er smittande på meg her. Eg tenker, ja det var veldig snilt av deg, Maud Martha!

Skrive, reise og elske

Bokomslag «Maud Martha»

Ingvill Kjærstein synest «Maud Martha» av Gwendolyn Brooks er ei god bok.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Då eg las Lausgjengar av Fumiko Hayashi, lo eg mykje i attkjenning med hovudkarakteren. Alt ho vil er å skrive, reise og elske. Ho brukar pengane sine på heilt feil ting, som dyr sushi og vakre upålitelege menn, og klagar og syt heile tida for at ho har dårleg råd. Og så reiser ho vidare til ein ny stad og forventar eit anna resultat med nøyaktig same handlingsmønster.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg ville invitert den avdøde japanske forfattaren Takako Takahashi som eg skreiv masteroppgåva mi om. Ho vitja Ålesund ein gong, nært heimbygda mi, og skreiv eit vakkert lite essay om det. Vi kunne ha snakka om reisa hennar og kor tilfeldig det var at eg oppdaga dette essayet midt under masterarbeidet. Vi var brått mykje nærare enn eg hadde trudd.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Den surrealistiske forfattaren Yumiko Kurahashi. Ho har eit enormt og ikkje minst sært forfattarskap, så det ville tatt meg lang tid og gitt meg mykje glede.

– Kven ville du sett spele hovudrolla om boka di blir filmatisert?

– Kanskje ei ung Aubrey Plaza? Ho er god på å spele trassige karakterar med mørk humor. Bonus for at ho er bifil, som hovudkarakteren min.

Aubrey Plaza GIF