Vil løfta fram julebodskapen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjende forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Gro Dahle har bidrege med tekstar i boka, som opphavleg vart publisert som ein adventskalender på nettsidene til Den norske kyrkja i fjor. Førsteopplaget på 2.000 bøker er snart utselt, opplyser Verbum forlag.

– Dei eg har snakka med har vore veldig positive og nyfikne på boka. Dei likar ideen om ein litterær adventskalender for vaksne og er overraska over at så mange kjende forfattarar har bidrege, seier forlagssjef Anne Veiteberg til kyrkja.no.

God respons
Det var nettredaktør i Kyrkjerådet Brynjulf Jung Tjønn som kom på ideen om å invitera kjende forfattarar til å skriva 24 juleforteljingar basert på eller inspirert av juleevangeliet. Tilbakemeldinga frå forfattarane var svært positiv.

– Det kan vera vanskeleg å få forfattarar med på noko slikt fordi dei gjerne er opptekne med andre skriveprosjekt og ikkje har tid til å omstilla seg, men det verka som mange tente på ideen. Responsen var overraskande god, seier Tjønn til Nynorsk pressekontor.

«I 2008 tok eg offentleg ut skilsmisse frå nynorsken. Fem år seinare var eg gift med henne igjen,» skriv Brynjulf Jung Tjønn i dette innlegget.


Foto: Kirken.no

Stor spennvidd
Han fortel at boka inneheld eit stort mangfald med både unge og eldre, kjende og mindre kjende forfattarar. Spennvidda er også stor i innfallsvinklane og tekstane til forfattarane.

– Ruth Lillegraven skriv til dømes om korleis det er å vera Maria og få beskjeden frå Gud om å føda Jesusbarnet, medan Gro Dahle skriv om ein familie som tek det siste rommet i herberget. Andre forfattarar set juleevangeliet i eit meir dagsaktuelt lys og skriv om flyktningkatastrofen vi har opplevd dei siste par åra, medan nokre skriv om jul i eigen oppvekst, fortel Tjønn.

Han trur mange forfattarar opplever juleevangeliet som ei kjær forteljing, samtidig som dei ser potensialet til å skriva noko nytt.

– Dei siste åra har mange norske forfattarar funne inspirasjon i Bibelen, seier han og nemner mellom anna Karl Ove Knausgård og Lars Petter Sveen som døme.

Tjønn trur litt av forklaringa heng saman med at ei rekkje forfattarar var engasjerte i den siste bibelomsetjinga i 2011.

Les intervju med den prislønte forfattaren Lars Petter Sveen her!

– Motvekt mot julestress
Allereie før adventstida har teke til er boka med dei 24 nye juleforteljingane nesten utseld og trykt i nytt opplag. Det meiner Tjønn er eit teikn på at boka treffer ganske breitt.

– Målet med boka er å kunna løfta fram julebodskapen som lett druknar i all virvaret og stresset før jul, seier redaktøren.

Han håpar at dei 24 tekstane kanskje kan gjera det lettare for folk å lesa ein tekst kvar dag og tenkja over kva jula eigentleg handlar om.

Faktaboks

Desse har skrive nye juleforteljingar:

Lars Petter Sveen, Mona Høvring, Jon Fosse, Kari Bremnes, Simon Stranger, Gro Dahle, Eivind Hofstad Evjemo, Rune Christiansen, Ingrid Storholmen, Pål Norheim, Britt Karin Larsen, Ruth Lillegraven, Ragnar Hovland, Kristine Næss, Gaute Heivoll, Maria Kjos Fonn, Levi Henriksen, Nils-. Øivind Haagensen, Maria Navarro Skaranger, Jørgen Norheim, Hanna Dahl, Brynjulf Jung Tjønn, Tina Åmodt og Aasne Linnestå. (©NPK)