≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Teikneseriar

Vann slaget om spalteplassen

Hårek fekk indirekte hjelp av Kristin Halvorsen.

Admin
søndag 19. februar 2012 17.28

Vann slaget om spalteplassen Skjermdump frå oppslaget i Hallingdølen.

Hallingdølen la om til ny layout 5. november, vart det sett strek for teikneseriestripene Ole Brumm og Hårek. Hårek hadde då vore med sidan 1984. Protestane strøymde inn.

– Normalt gir eg ikkje etter for press i slike saker. I denne saka vart det formidabelt, fortel redaktør Bjarne Tormodsgard i eiga avis.

Brevet
I slutten av januar kom det eit brev frå Utdanningsdirektoratet til Kristin Halvorsen som sette fyr i sidemålsdebatten. Tormodsgard var ein av dei mange som reagerte.

– Dersom nynorsken ikkje er i særleg stor bruk, vil den jo døy ut, sa han til NRK.

Avisinnlegget
Det var eit avisinnlegg frå lesaren Jøran Bru som fekk han til å snu i synet på Hårek.

– Bru hevda at ei nynorskavis ikkje kan kaste ut den einaste teikneseriestripa på nynorsk, og samtidig argumentere mot andre som prøver å svekke nynorsk som offisielt språk. Denne argumentasjonen kunne eg ikkje stå imot. Det var berre å legge seg flat, seier redaktør Bjarne Tormodsgard til eiga avis.

LES OGSÅ: Blir inspirert av Vangsgutane

Kvadet
Hallingdølen har sjølv fortalt soga om Hårek si ferd og og inn av avisspaltene på vikingvis, og kjem mellom anna med dette kvadet:

«Svikferd stor fell tung å svelgja
Nidstong fylgjer slike slag
Bjarne får ei bør å bera når vikingblod av arket flyt
Fredlaus blir dagen for Bjarne Bladmann
til mi ætt er attende på spalteplassen»

Les meir om teikneseriar her!


Oppdatert: søndag 19. februar 2012 17.43
Kommentarar



Faktaboks

Hårek den hardbalne (engelsk originaltittel Hägar the Horrible) er ei teikneserie skapt av den amerikanske teiknaren Dik Browne (1918-1989) i 1973. 

Les meir i Wikipedia!

 
ANNONSE: