Uroleg for elevane under lærarløftet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å løfte kompetansen til dagens lærarar er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksens (H) store prosjekt for norsk skule.

LES OGSÅ: Språkets tilstand

5000 skal på kurs
Støtta til etter- og vidareutdanning er tredobla dei siste to åra, og det neste tiåret er målet at minst 5.000 lærarar årleg skal på kurs for å kunne møte dei nye minstekrava regjeringa har innført for norske lærarar frå neste haust.

LES OGSÅ: SSB: 38.000 lærarar i manko i 2025

– Ufaglærte vikarar og dårlege opplegg
Norsk Lektorlag og Elevorganisasjonen åtvarar likevel kunnskapsministeren mot å bli så oppteken av å skape framtidas lærarar at han gløymer elevane som går på skule i dag.

– Vi ser at kommunane ikkje prioriterer pengar til godt nok kvalifiserte vikarar når læraren deira blir sendt på kurs. Gjennomgåande er det ufaglærte vikarar og dårlege opplegg, seier leiar for Elevorganisasjonen, Benjamin Skiaker Myrstad, til NTB.

Norsk Lektorlag meiner lærarløftet til regjeringa er i ferd med å utmatte skulesystemet. (©NPK)

LES OGSÅ: Lektorar blir pressa til å sette kunstige karakterar