Ungdom: – Lokalpolitikarar veit lite om oss

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Kontakten med lokalpolitikarar er sterkast i dei minst sentrale kommunane. Det viser Ungdomsundersøkinga til Buskerud fylkeskommune som blei lagt fram 15. september.

Lite kunnskap
Ungdomen meiner også lokalpolitikarane har liten kunnskap om ungdom og deira kvardag. Minst meiner dei politikarane kan om ungdom og narkotikum og ungdom og psykiske problem.
Det er første gongen det blir gjennomført ein så stor undersøking mot ungdom i Buskerud. Over 1500 ungdomar frå heile fylket har svart på undersøkinga.

– Viktige signal
– Resultata i undersøkingane er viktige signal for alle som jobbar med oppvekstvilkåra til unge i Buskerud, seier fylkesordførar Roger Ryberg (Ap) i ei pressemelding.

– Undersøkinga tek slik opp problemstillingar som bør stå høgt på den politiske dagsordenen framover og vere ein del av det offentlege ordskiftet, seier Ryberg.
Han legg vekt på at fylkeskommunen ynskjer å utvikle høve for vidare dialog og arenaer for samarbeid med ungdomen.

– Ungdomen skal byggje Buskerud i framtida, og desse må vi ta på alvor, seier han.

 

Sjå heile undersøkinga!