Under halvparten kan livreddande førstehjelp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er urovekkjande at så mange er usikre på korleis dei skal redda eit liv, seier Fredrik André Aasebø i Røde Kors Førstehjelp til Bergens Tidende.

I undersøkinga organisasjonen har gjort kjem det mellom anna fram at berre 38 prosent av oss veit korleis ein skal handtera sirkulasjonssvik, som til dømes hjarteinfarkt.

Kva ein skal gjera ved symptom på hjerneslag er det heller ikkje mange fleire som veit.  

For å betra kunnskapen tilbyr Røde Kors Førstehjelp førstehjelpskurs til bedrifter. I fjor deltok 30.000 tilsette, fortel avisa.

LES SISTE NYTT OM HELSE HER!

Interessa har auka kvart år sidan 2009. I år håpar organisasjonen at endå fleire bedrifter kjøper førstehjelpskurs. Slik trur dei også den generelle beredskapen i samfunnet blir betre.  

For å betra hjelpetilbodet har Røde Kors Førstehjelp inngått eit samarbeid med Apotek 1 om å registrera alle hjartestartarane i Noreg. 

– Når folk ringjer 113, skal registeret til AMK-sentralen ha oversikt over kor det finst hjartestartarar, slik at dei kan gje publikum beskjed om kor dei kan springa og henta ein hjartestartar, seier Aasebø.

LES OGSÅ: No kjem psykologisk førstehjelpsskrin

Faktaboks

Slik gjev du hjarte- og lungeredning:
► Rist pasienten forsiktig, og rop høgt om hjelp.
► Opne luftvegen ved å bøya hovudet bakover og løfta haka fram. Sjå, lytt og føl etter pust i inntil 10 sekund.
► Ring 1-1-3  – få helst nokon andre til å gjera det.
► Gje 30 brystkompresjonar ved å trykkja 5-6 cm djupt, i ein frekvens på 100/minuttet.
► Gje 2 innblåsningar: blås berre til brystkassa hevar seg. Bruk eitt sekund på kvar innblåsning.
► Hald fram med 30/2-rundar til:
    – du får hjelp
    – pasienten pustar normalt
    – du er nøydd til å kvila
► Vanleg hjarte-lunge-redning er 30 brystkompresjonar og deretter 2 innblåsningar, men viss pasienten kan ha fått vatn i lungene eller luftvegane etter å ha vore i vatnet, startar me med 5 innblåsingar før kompresjonane.

Kjelde: Norsk Resuscitasjonsråd/helsenorge.no.