Tre bloggande bibliotekarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bibliotekarane bak bloggen

«3 vise kvinner» kallar dei seg, bloggarane som vil gje biblioteka eit ansikt og vågar vere personlege i bibliotekbloggen sin. Her kan lesaren ta del i større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

– Å så tøft! Det var litt av ei gledeleg nyheit, seier bibliotekleiar Rita Mundal, når Framtida ringjer for å fortelje at «3 vise kvinner» er kåra til Vekas blogg, og nominert i kåringa av Verdas beste nynorske blogg.

Bibliotekleiaren driv bloggen saman med kollegaane Merete Byrøygard og Torill Iversen, alle tilsette på folkebiblioteket i Lom.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Boksnakk
«Bøker vi har prata ut av hyllene har kome med på lista over mest utlånte,» skriv bibliotekarane på bloggen sin. Det utsagnet meiner juryen summerer opp litt av tanken bak bloggen. Her er det i høgste grad levande bibliotek.

– Kvifor bloggar de?

– Då me byrja i 2008 var dette med blogg i biblioteka nytt og det var mange som heiv seg på. Me ville ha noko meir enn ein typisk bibliotekblogg med bokomtalar, fordi me trudde det kunne verte litt keisamt, forklarar Rita.

Dei valde difor ein meir personleg stil der bibliotekarane byr på seg sjølv og nyttar humor bevisst. For biblioteket er meir enn bøker og interiør. Det er òg bibliotekarar.

I tillegg kan det verte travelt å – i tillegg til jobben – lese og melde mange bøker i veka. Sjølv for ein bibliotekar.

Bibliotekarane på biblioteket, som vart kåra til årets bibliotek i 2012, merka òg at det ikkje alltid var like lett å få lokalavisa til å skrive om arrangementa deira.

– Me ville synleggjere og marknadsføre biblioteket, forklarar bibliotekleiaren.

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Vise kvinner – og menn
– Kvifor namnet 3 vise kvinner?

– Det er eigentleg litt tilfeldig. Den eine av kollegaane mine kom med ideen, og sidan det er meininga å nytte litt humor i bloggen, fall me for den, fortel Mundal.

Så hender det og at tre vise menn, vitjar biblioteket deira.

I tillegg har bibliotekarane i bloggfana si løfta fram Olav H. Hauge sitatet: «Vegen mot visdom er endelaus». Og det er denne vegen dei tre vise kvinnene er på, med sine følgjarar.

Talet på vitjingar på bloggen nærmar seg no 100.000. Og Mundal kan fortelje at innlegget hennar «Mitt liv som bibliotekar»gjekk særleg godt. Denne teksta framførte ho då ho fekk æra av å gje vidare Bibliotek-Brage til Time bibliotek, som vart årets bibliotek 2013.

Bloggen til folkebiblioteket i Lom har følgjarar frå heile landet. Dei fleste tilbakemeldingane er positive, unnateke den gongen i 2011, då det kom eit anonymt lesarbrev på baksida av lokalavisa Gudbrandsdølen. Avsendaren lurte på om ikkje ein bibliotekblogg burde handle om bøker?

Då svara Rita Mundal med å invitere personen på biblioteket for ein kaffi og kanskje ein kjeks eller sjokoladebit i innlegget «Kjære alle undrande i Lom og kvarsomhelst».

LES OGSÅ: Boblande spåkentusiasme

Viktig ungdomssatsing
På biblioteket i Lom har dei hatt bibliotekbloggar Merete Byrøygard som barne- og ungdomsbibliotekar sidan 2002. No merkar bibliotekleiaren at dette førar til framgang i arbeidet med ungdommane i perioden dei står i fare for å felle frå som bibliotekbrukarar.

– Barne- og ungdomsbibliotekarar burde vore mykje vanlegare. At me fekk det er noko av det viktigaste som skjedd medan eg har vore her. Det er kjempeviktig for elevane, dei er jo framtidas bibliotekbrukarar, meiner Mundal.

Byrøygard, som har ekstra ansvar for dei yngste brukarane, held bokpresentasjonar, som gjer at ventelistene på nokre av bøkene vert fullteikna. Elles samarbeider biblioteket både med helsestasjon, barnehage og dei ulike skulane i bygda.

Lesetips
Til sist vil dei engasjerte bibliotekarane dele sine lesetips for ungdom med Framtidas lesarar:

Bibliotekleiar Rita Mundal anbefaler novellesamlingane til Ingvild Rishøi «La stå», «Historien om fru Berg»og «Vinternoveller»:

– Novellene handlar ofte om barn og ungdom, om dei svakaste i samfunnet, outsidararar og verstingar. Ho skriv enkelt og presist og vekkjer medkjensla mi slik at eg får lyst til å gå inn og beskytte desse menneska mot omverda og seg sjølve, skriv Mundal i ein e-post.

Torill Iversen anbefaler «Flukten frå Leir 14: en beretning om Nord-Korea» av Blaine Harden og nordkoreanske Shin Dong-hyuk, som historia handlar om.

– Dette er ei vond og spennande bok om ein gut som greier å rømme frå ein hemmeleg fangeleir oppe i fjella Nord-Korea. Boka gjev innsikt i ei verd som er totalt framand og sjokkerande for oss.

Barne- og ungdomsbibliotekar Merete Byrøygard anbefaler «Gutten i den stripete pyjamasen» av irske John Boyne:

– Dette er ei uvanleg gripande forteljing om andre verdskrig sett gjennom augo til den 9-årige sonen til ein tysk kommandant, Bruno. I denne uhyre velskrivne boka opplever vi ei gal verd sett gjennom naive barneaugo, noko som gjer leseopplevinga og historia om eit sjeldan vennskap uforgløymeleg sterk.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.