Tok den beste tomta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tomta dei har vald har ein fantastisk utsikt, men krev mykje frakting.

– Me hadde i grunn bestemt oss for å byggje hytte, men me visste ikkje heilt kvar me skulle setje ho opp. Det einaste me var sikre på, var at me ville byggje i snauhogsten ovanfor byggefeltet, seier Tarjei Gaastjønn og Henrik Taraldlien, som saman med Else og Randi Pedersen og Nora Hellstrand utgjer kvintetten.

Der ingen skulle tru …
I samband med ny ljosløype i området, snauhogg kommunen for halvtanna år sidan store delar av åsen der dei unge hyttebyggjarane no har etablert seg. Det er flott utsikt frå tomta dei valde, men det bratt og ulendt å kome til med materialar og utstyr. Akkurat det bekymrar dei ikkje.

– Me hentar material hjå onkelen min. Han steller opp huset på Nesmark, ikkje så langt herfrå. Og så lurar me jentene til å bere mest, gliser Tarjei.

– Ja, me seier at me har bore ti plankar, og då må dei bere like mange. Men eigentleg har me berre bore fire plankar til saman. Resten har jentene fått på plass, ler Henrik.

– Å, dei er så teite att, men sidan dei snikkerar så må vel me gjere vårt også, sukkar dei tri jentene.

6 minuttar x 2
– Forresten så brukar eg seks minuttar kvar veg til Nesmark for å hente plank, seier Else.

Det er Tarjei som er snikkarsjef. Han har god hjelp av Henrik, medan Nora, Else og Randi skal ta seg av interiøret.

– Me har laga fire puter som me skal ha med opp hit, men me må vente til alt utvendig arbeid er ferdig, seier Else.

– Og så skal me ha golvteppe og det skal vere rosa, skyt Nora inn.

Henrik, Else og Randi går i 6. klasse, medan Tarjei går i 5. og Nora i 7. klasse ved Åmdals Verk oppvekstsenter. Sjølv om dei fem småkranglar litt av og til, går det som regel greitt å bli samde til slutt.

– Det er veldig kjekt å vere mange, då kan me fordele oppgåvene. Kranglar gjer me om me ikkje byggjer hytte også, meiner Randi.

– Og så er det godt å ha nokon til å bere, kjeklar Tarjei og ler høgt.

Fargerikt fellesskap
Dei tri interiøransvarlege jentene har også bestemt seg for kva farge dei skal ha på veggane inne i hytta. Dei har vald litt utradisjonelt, for å seie det mildt …

– Me skal ha ein vegg i lilla, ein i grønt, ein i turkis og ein skal vere kvitmåla, seier dei bestemt.

– Det blir litt tøft med slike fargar, og det er jentene som får bestemme korleis det skal sjå ut inne i hytta, seier Henrik.

– Blir det Bever i Hills som blir det nye namnet her då?

– Nei, det er ikkje beverar her, men me såg ein hoggorm i går, så det er ikkje godt å vite kva me skal kalle staden, skjemtar dei.

Dei kan elles fortelje at dei har vore på søppelplassen på Dalen og funne litt av kvart dei kan bruke til hytta.

– Me har funne hyller og ein solstol, og me skal ned att og leite etter vindauge og kanskje ei dør til hytta, forklarer Else.

Gler seg
Hyttebyggjarane har halde på om lag tri veker, og det er nesten ikkje ein ettermiddag utan snikkering. Om alt går som planlagt, kan sjølve bygget stå ferdig om ei vekes tid. No manglar tak, og eit par veggar. Taket skal vere flatt, har dei planlagt.

– Blir det slik me har tenkt, må nok eg og Henrik opp å måke snø. Viss ikkje kan heile hytta knekke saman, trur Tarjei.

Dei gler seg til hytta blir innflyttingsklar. Då kan det hende at et par av dei kjem til å overnatte, og dei gler seg til å få ein plass der dei kan vere for seg sjølve.

– Eg trur Henrik og Tarjei skal sove her, men eg trur ikkje at eg tør det, seier Else.

– Forresten, har de søkt kommunen om lov til å setje opp hytta?

– Nei, svarar alle fem kontant, og ler.

Kan bli tangotakter
Så snart hytta blir klar skal dei ha med seg både musikk og snop opp i hytta som er synleg fleire hundre meter unna. Kledninga på hytta er kvitmåla, og lyser godt opp i åsen.

– Tenk så fint det blir med rosa golvteppe, skarpe fargar på veggane, musikk og godteri, himlar Nora med augo.

– Hm, då må me vel danse tango då, skjemtar Tarjei.

Elles har jentene planlagt å ha med seg forskjellige pynteting til hytta for å gjere det heimekoseleg.

– Me har i alle fall ingen ting me skulle sagt når det gjeld innreiing. Det er ei skikkeleg jentegreie, og det er greitt nok, sukkar Henrik før dei fem unge held fram med å snikkere.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!