Tegnehanne: Tragikomikk er lett når ein har det kjipt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tragikomisk suksesshistorie

Peppes Pizza Bryne, 2009: Nitten år gamle Hanne Sigbjørnsen vert skjelt ut av ein gjest som ikkje er nøgd med kaffen.

Lite veit den illsinte kvinna at tiraden skal ende i ein teikneserie som er blant landets mest populære. Like lite veit ho at Hanne i 2015 sit på Kulturhuset i Oslo og smiler over ei fersk teikneseriebok, medan ho sender varme tankar til kvinna som skjelte henne ut den gongen livet bestod av ein deltidsjobb på pizzarestauranten, tv-spel og eit forhold ho ikkje ville vere i.

LES OGSÅ: Vil ha meir realistisk sex

Sjølvbiografisk teikneserie-essay
Ifølgje kvinna bak bloggen Tegnehanne, var møtet med «Kaffidamen» avgjerande for at ho flytta frå heimstaden.

Ferda gjekk til Oslo, med ein kjærast ho ikkje tora slå opp med, og til tross for at ho eigentleg ville flytte til Bergen. Utgangspunktet for Hannes nye Oslo-liv var som skapt for – ja, nettopp – ein tragikomisk teikneserieblogg.

– Som privatperson har eg ikkje så lett for å opne meg. Samstundes var det mykje som måtte ut, fortel Hanne.

Teikneseriebloggen hennar har vorte kåra til årets beste framføre både Fotballfrue og Linnea Myhre. Ho er fast teikneseriespaltist i Aftenposten, og har illustrert fleire bøker. No kjem ho med si fyrste bok, som består av 176 sider med gamle og nye striper. Eller teikneserie-essay, som skaparen kallar det.

– Historiene er sjølvbiografiske, og eg går aldri vekk frå å vere ærleg. Det knyt eg heile truverdet til og noko anna ville vere å øydeleggje Tegnehanne. Eg overdriv jo, men det trur eg nok lesarane forstår.

 
Det kokte over for ein gjest ved Peppes Pizza Bryne, då ho ikkje fekk kaffen slik ho ville ha den. Servitøren hennar takkar i dag «Kaffidamen» for at ho tok steget og reise til Oslo. Illustrasjon: Hanne Sigbjørnsen.

LES OGSÅ: Vil få born til å bry seg om klima

Inspirasjon og orden i sysakene
Etter at Hanne flytte til Oslo vart det slutt med kjærasten. I byrjinga var Oslo-livet prega av eksistensielle spørsmål. I dag ventar sambuaren Jostein heime (for øvrig den einaste faste bikarakteren i serien). Hanne jobbar femti prosent som sjukepleiar, og bruker resten av tida på det vesle alteregoet i den raude kjolen. Har Tegnehanne blitt vaksen?

– Det er litt vanskelegare å finne historiene når ting er meir på stell. Eg var singel, fattig student og sleit med dei store spørsmåla. Tragikomikk er litt lettare når ein har det kjipt, seier Hanne.

Og så ler ho litt, slik ho gjer både før og etter dei fleste svara. Det er vanskeleg å la vere å studere henne medan ho pratar. Med brunt hår og ein raud gensar er ho jo ein real life-versjon av tegneseriefiguren Hanne.

– Møter du ofte folk som meiner dei kjenner deg?

– Ja. Haha. Eg syns det er kjekt. Då kan ein kan gå rett vidare til dei meir interessante samtalane, ettersom førsteinntrykket allereie er unnagjort. Haha. Eg har tenkt ein del på kva forhold eg har til tegneserie-Hanne. Ho er på mange måtar mitt alterego. Det vert som ei dagbok, der ho seier og gjer det som skjer inne i meg, fortel teikneserieskaparen.

Evne til å sjå det negative
Når boka no kjem måtte Hanne gå tilbake på lovnaden om at alle som førehandstinga ei bok skulle få signatur og personleg teikning. Etter å ha laga helsingar i kring 500 bøker, måtte ho seie stopp. Responsen på sjølvutleveringa har altså vore hovudsakleg god.

– Når eg får dårlege tilbakemeldingar går eg rett i kjellaren. Samstundes har det aller, aller meste vore positivt. Det har berre hendt ein gong at eg trakk tilbake ei stripe. Den handla om demente, og nokon meinte den var støtande. Eg vil jo ikkje støte nokon, seier ho.

Som regel set grensene seg nærmast sjølv, meiner teikneserieskaparen.

– Eg er nemleg ein veldig konfliktsky person og eg er redd for å henge ut nokon. Folk har ulike grenser, som eg tilpassar meg til, seier ho.

No som Hanne teiknar for Aftenposten, illustrerer andre sine bøker og gir ut si eiga, kan ein frykte for framtida til Tegnehanne. For kva skjer med Tegnehanne om Hanne får full orden i sysakene?

– Det har eg også lurt på. Samstundes har eg daglege nevrosar, der eg ventar på at dette skal ta slutt. At Aftenposten skal sparke meg, at ingen vil ha boka, og at det vert slutt på teikninga

Eg har god evner til å sjå det negative i ein kvar situasjon, seier den verkelege teikne-Hanne, og fnisar.

 LES OGSÅ: Fart og sjølvtillit på Falturiltu


Hanne Sigbjørnsen lagar sjølvbiografiske teikneserieessay, der også kjærasten Jostein er med. – Det er meg sjølv eg utleverer mest, seier Hanne. Illustrasjon: Hanne Sigbjørnsen.