Tastatur eller blyant?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert på Ivar Aasen-tunet sine nettsider.

Det er ikkje alt gamalt som forsvinn når noko nytt kjem til. Oppfinninga av skrivemaskina og i neste omgang tastaturet har ikkje radert ut blyant og penn, enn så lenge.

I Finland skal snart alle førsteklassingar lære å skrive gjennom å trykke på bokstavar på eit tastatur. Handskrifta skal kome seinare, for først skal dei lære å finne bokstavane og setje dei saman til ord ved å trykke på dei. Fleire skular i Noreg har prøvd den same opplæringsstrategien, og både lærarar og elevar er visst godt nøgde med det.

Det er ikkje slik at dei har tenkt å kaste heile ideen med handskrift på båten, men det er likevel eit tydeleg signal om at tastaturet er viktigare. Det er liten tvil om at dei som er førsteklassingar i dag, vil skrive meir på tastatur enn for hand i løpet av livet sitt. Likevel er eg ikkje overtydd om at det er der skriveopplæringa bør ta til. For det er heilt klart noko som forsvinn i overgangen mellom blyant og tastatur, mellom anna den fysiske opplevinga av å skrive og å forme ord.

Forskarane Anne Mangen og Jean-Luc Velay har påvist at hjernen får andre impulsar når du skriv for hand enn med tastatur. Sjølve rørslene du lagar når du skriv legg igjen eit minne i den delen av hjernen som er knytt til sansemotorikk. Dette får du igjen bruk for når du seinare skal kjenne att bokstavane. Det du skriv for hand er lettare å hugse enn det du skriv på eit tastatur. Då er det merkeleg at den formen for skriving skal bli nedprioritert i skulen.

Vi skal heller ikkje sjå vekk i frå det kulturhistoriske perspektivet. Så lenge skriftspråka har eksistert, har menneska forma teikn, bokstavar og ord for eiga hand. Det at vi no sit med ny teknologi, treng ikkje bety at vi skal nedvurdere skrivemetoden som framleis er meir effektiv på enkelte område. Eg har fleire gongar teke meg i å notere handlelister på mobilen, for det er jo så praktisk, på eit vis. Etterpå har eg tenkt at dette hadde gått mykje raskare om eg hadde hatt ein lapp og ein penn, framfor å knote med dei små bokstavane på skjermen.

Tidlegare hadde dei ikkje dette valet. Då Ivar Aasen reiste Noreg på kryss og tvers hadde han med kladdepapir, bøker og blyant i eit eige reiseskriveskrin. Dette var den sjølvsagte arbeidsreiskapen til ein omreisande språkforskar. Han noterte ned alle orda og bøyingsformene for hand, og systematiserte det seinare gjennom å skrive alt på nytt i ei notatbok. Slik skreiv han seg til ein unik kunnskap om det norske språket. Det hadde nok gått raskare om han hadde sortert alt digitalt på ein datamaskin, men kunnskapen hadde nok ikkje vore den same.

Skrivesenteret i Stavanger karakteriserer handskrift som eit robust kommunikasjonsmiddel. Det gjeld også i eit langsiktig historisk perspektiv. Tekstar skrive for hand toler meir enn ein datakrasj. I alle fall dei som er festa til papir. Det er framleis slik at born i vår tid kan sjå ei stor og ubrukt skriveflate når dei kjem til ei sandstrand.

Om vi blir heildigitale, er det berre sandkorn igjen.